NM Runde 1: Tøff motstand i cupen

Me møter Bjarg i den fyrste runden av NM 2026

Bjarg - Sogndal

  • Onsdag 13. august kl. 18:00

  • Stavollen kunstgress

  • NM 2026, runde 1

NM 2026 byrjar allereie no, og i morgon er me i gang med ein ny runde av cupen. Me møter Bjarg på Stavollen, og er førebudde på ein tøff motstandar i den fyrste kampen på vegen mot Ullevaal!

Bjarg spelar i 3. divisjon avdeling 4, og toppar avdelinga si med 11 poeng ned til andreplassen. Dette er same avdleinga som våre naboar Fjøra og Førde frå Sogn og Fjordane. Bjarg er i storform denne sesongen, og det er faktisk berre Førde som har hindra dei frå å vinne. 2. august spelte dei 1-1 på Stavollen, og tok eit sterkt poeng på bortebane. Bjarg er på veg mot opprykk, og det er ingen tvil om at dei kjem til å gje oss kamp om avansementet i morgon.

Sist me møtte Bjarg i ein obligatorisk kamp var i 2022. Den gong var det 2. runde i NM, og karadn gjekk sigrande ut med 1-4 etter 90 minutt. Heimelaget tok leiinga, men Endre Kupen, Kristoffer Hoven, Mathias Blårud og Erik Flataker snudde kampen. I 2024 møtte me Bjarg til treningskamp i Sognahallen, og då enda det uavgjort. Bjarg leia 2-0, men scoringar frå Felix Eriksson og Oliver Hintsa gjorde at det enda 2-2. Mykje har skjedd sidan, og me er klare for ein ny kamp!


Me tek med oss positiv energi frå dei to førre sigrane, og håpar sjølvsagt å halde fram rekka med sigrar mot Bjarg. Då set me stor pris på støtta frå publikum, og me håpar å sjå dykk på kamp. Bjarg reklamerer med billettar til 80,- for vaksne og 40,- for barn, så her er det berre å ta turen! Kanskje får me fleire scoringar og jubel frå Preben Asp som i videoen over!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: