No skal lokale gutar ut og måla krefter med dei beste i landet

Sogndal Fotball satsar no meir målretta og profesjonelt i utviklinga av unge talent

Biletet: Både Lidvin Hestetun (t.v.) frå Årdal og Marius Årøy frå Sogndal var med då eit ungt G 16-lag tysdag kveld tapte 1-2 for Åsane på Campus. Lidvin reknar med å flytta til Sogndal for å satsa på fotballen neste år (foto: Rune Timberlid)

Sogndal Fotball satsar no meir målretta og profesjonelt i utviklinga av unge talent enn nokon gong før. Denne hausten møter både eit G 16-lag og eit G 14-lag med nokre av dei beste i landet.

På desse laga blir dei beste spelarane frå Sogn og Fjordane plukka ut. G 16-laget blir drive av Sogndal Fotball, medan fotballkrinsen har ansvaret for G 14-laget.

- Denne måten å satsa på er ei bestilling frå styret til klubben. Styret ønskjer ein raud tråd i utviklingsarbeidet i Sogndal Fotball, seier Terje Skjeldestad.

Utviklingssjef Terje Skjeldestad (t.v.) og Ole Erik Grinde står sentralt i satsinga med unge spelarar som spelar nasjonalt (foto: Rune Timberlid)
Utviklingssjef Terje Skjeldestad (t.v.) og Ole Erik Grinde står sentralt i satsinga med unge spelarar som spelar nasjonalt (foto: Rune Timberlid)

Den tidlegare assistent-trenaren på A-laget er i dag utviklingssjef i Sogndal Fotball. Han jobbar i spann med mellom andre Ole Erik Grinde som er teamleiar for satsingslaga i klubben.

Talentsiling frå G 14

Allereie når spelarane kjem opp i G 14, blir det i dag ei siling av talent mellom topp og breidde.

- Dette blir ikkje heilt statisk. Det vil flyta spelarar mellom satsingslaga og dei andre laga, seier Terje.

Satsinga på aldersbestemde lag i nasjonale seriar er relativt nytt for Sogndal Fotball. I eit toårsperspektiv ser Sogndal Fotball føre seg å vera med nasjonalt også i andre årskull, til dømes G 18.

Til Sogndal tysdag og fredag

- Kvar tysdag kjem det spelarar frå stader som Måløy, Dale, Florø og Bremanger for å trena med
 G 16-laget under leiing av Nils Tore Krosshaug og Knut Almås som assistent-trenar, fortel Terje.

Terje Skjeldestad ser på dette som ei heilt nødvendig satsing for den lokale fotballen.

- Tidlegare har me ikkje vore med nasjonalt på G 16. Då taper du kvar dag litt terreng i høve til dei beste, seier Terje Skjeldestad.

Skal sikra Sogndal talent

Satsinga er eit resultat av at Norsk Toppfotball stimulerer til utvikling av talent.

- Det er sett i gang mykje spennande i norsk toppfotball. Spelarane blir tidlegare skulerte, og dei har større grunnbase når dei kjem opp. Me ser difor at dei ofte får tidlegare speletid, seier teamleiar Ole Erik Grinde.

Terje Skjeldestad legg ikkje skjul på at klubben håpar deltakinga i nasjonale seriar også skal sikra rekrutteringa av nye talent for Sogndal Fotball i framtida.

- Me ser at alt i år er det tre av spelarane på G 16 som har byrja på skule i Sogndal. Men skal dei koma hit, må me også ha noko å tilby dei, seier Terje Skjeldestad.

Vil auka kvaliteten

Ole Erik Grinde seier Sogndal Fotball no er oppe på eit aktivitetsnivå dei ønskjer å ha. Difor meiner han tida er inne for å auka kvaliteten på tilbodet.

- Samstundes ser me eit auka behov for å spela referansekampar for å måla krefter med dei beste på utviklingsarbeid. Me har funne ei form som det er mogleg å handtera mannskapsmessig, seier Ole Erik.

Framleis vil den største aktiviteten i aldersbestemde lag i Sogndal Fotball liggja i breiddesatsinga. Her vil mykje vera avhengig av foreldre som stiller opp, mellom anna som trenarar.

- Me er ein breiddeklubb med ei toppsatsing. Det er viktig at me ikkje mistar det perspektivet, seier Ole Erik Grinde.

Slik er topp og breidde organisert i Sogndal Fotball frå denne sesongen.
Slik er topp og breidde organisert i Sogndal Fotball frå denne sesongen.

Tilbod frå fem årsalderen

Heilt frå borna er fem-seks år gamle får dei eit tilbod i Sogndal Fotball. Først på miniakademiet fram til dei er åtte år. Deretter går mange vidare til Sogndalakademiet som tilbyr trening fire dagar i veka fram til dei er 12 år. I denne perioden startar også utvikling av tekniske, taktiske og fysiske ferdigheiter under kyndig leiing av Miguel Angel sitt mannskap på Akademiet.

Satsingslaga skal ha eit så profesjonelt tilbod som mogleg.  Laga skal ha ein habil hovudtrenar – det er viktig. Men dei skal også ha ein assistent som også har ansvaret for keeperane. I tillegg har laget ein oppmann og ein som kvalitetssikrar fysisk trening og analyse.

Felles treningsmetodikk

- Me skal ha felles treningsmetodikk i klubben, og skal jobba etter dei same prinsippa som resten av klubben, seier Terje Skjeldestad.

Utviklingssjefen meiner satsinga som blir gjort også skaper grunnlag for å utfordra spelarane meir på treningsfeltet.

-Ved å investera i spelarane, trur eg me kan pusha dei endå meir. Men me må ha ein balanse – me kan ikkje kjefta dei betre, seier Terje Skjeldestad. 

Annonse fra Obos-ligaen: