No startar me på vegen mot Ullevaal

NM 2023 er i gang

Det er berre nokre dagar sidan Kasper Skaanes var på Ullevaal Stadion og fekk ein pokal då Brann slo Lillestrøm i cupfinalen. No er det duka for NM 2023 - og denne veka blir det mykje cupmoro over heile landet.

To lag har allereie tjuvstarta. På måndag tok Kjelsås seg vidare på beskostning av Follo etter nervepirrande straffesparkkonkurranse. Nokre kampar går i dag, me skal i aksjon i morgon, og det blir spelt nokre kampar også på torsdag.

Sjå oppsettet for 1. runde her

Det blir ein tur til Sunnfjord for Tore André Flo og kompani når me skal møta Førde i første runde. Me får altså eit gjensyn med Terje Rognsø og hans gjeng. Sist me møtte dei i NM var i 2016. Då hadde Førde vunne over Brann i første runde, og me sleit veldig mot dei i Hafstadparken. Rune Bolli Bolseth vart matchvinnar med ein kanon i krysset.

Eid får storfint besøk frå Aalesund og skal bryna seg mot sjølvaste Marius Bøe sine spelarar frå Eliteserien. Fjøra og Florø barkar i hop her på Fosshaugane Campus.

Førde - Sogndal.jpg

 

Annonse fra Obos-ligaen: