No vert alt avgjort på Fosshaugane

Sogndal tapte 1–2 borte mot Ranheim. Dermed vert kampen om å unngå nedrykkskvalifisering avgjord i siste serierunde. Med siger mot Hødd på Fosshaugane neste søndag sikrar Sogndal plassen i OBOS-ligaen i 2027.

Sogndal måtte reise heim utan poeng frå bortekampen mot Ranheim. Kparobo Arierhi utlikna til 1–1 etter eit nydeleg angrep i første omgang, der Kasper Skaanes noterte seg for si 16. målgjevande pasning for sesongen. Men me kom oss aldri opp på vårt høgaste nivå, og Ranheim sette inn sigersmålet etter pause.

Etter søndagens kampar er det klart at Åsane rykkjer ned frå OBOS-ligaen, etter 1–3-tapet mot Haugesund.

Men kven som må ut i nedrykkskvalifisering, vert først avgjort i siste serierunde.

Me har alt i eigne hender.

K P
10 Strømmen 29 36
11 Lyn 29 34
12 Sogndal 29 30
13 Sandnes Ulf 29 30

Gratis inngang med drakt eller skjerf

Med siger mot Hødd på Fosshaugane sikrar me plassen i OBOS-ligaen. Ved poengtap vert laget avhengig av resultata i kampane til Sandnes Ulf og Moss, som me kjempar mot om å unngå kvalifiseringsplassen.

Godt hjelpte av over 2000 tilskodarar på tribuna dei siste kampane og fantastisk stemning på Fosshaugane har me teke to strake heimesigrar.

No håpar me på endå fleire når alt skal avgjerast. Alle som kjem med Sogndal-drakt eller Sogndal-skjerf, får gratis inngang mot Hødd. Me skal farge Fosshaugane svart og kvitt!

Slik var kampen mot Ranheim

Ranheim fekk ein god start på kampen og tok leiinga allereie etter seks minutt. Gustav Busch Trend Mogensen sette inn 1–0 etter eit innlegg frå venstresida.

Sogndal jobba seg gradvis inn i kampen og skapte fleire farlege overgangar. Etter 23 minutt kom utlikninga etter eit nydeleg angrep.

Kasper Skaanes kombinerte med Harald Woxen på venstrekanten før han spelte ballen inn til KP Arierhi, som sette inn 1–1 frå kort hald.

Sogndal heldt fram med å skape sjansar, og laga gjekk til pause på 1–1.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Ranheim slo tilbake

Andre omgang opna med ein stor sjanse til Arierhi, men Ranheim-keeper Storevik fekk slått avslutninga over mål.

I staden var det heimelaget som tok leiinga. Etter 57 minutt fekk Mikael Tørset Johnsen avslutte frå rundt 20 meter og sette inn 2–1.

Sogndal gav seg ikkje. Ronney Onyango var nær ved å utlikne, og mot slutten pressa gjestene på for eit nytt mål. Både Emil Lunde Hillestad og Tuomas Pippola fekk moglegheiter, men utlikninga kom aldri.

Dermed enda det med eit surt 2–1-tap i årets siste bortekamp i serien.

Kampfakta: Ranheim – Sogndal 2–1

Mål: 1–0 Gustav Busch Trend Mogensen (6.), 1–1 Kparobo Arierhi (23.), 2–1 Mikael Tørset Johnsen (57.)

Sogndal si lagoppstilling:

Jendal – Øren, Hovland (K), Hillestad – Onyango, Hagen (Helén frå 62. minutt), Gausdal (Vapne frå 62. minutt), Woxen (Haruna frå 62. minutt), Skaanes (Mensah frå 84. minutt) – Pippola, Arierhi (Asp frå 86. minutt).

Annonse fra Obos-ligaen: