Noah reiser til England

Solskjær er på jakt etter meir speletid

Noah Solskjær har etter eige ønskje vald å avslutta opphaldet her i Sogndal Fotball.

Noah kom til oss på lån før sesongen frå Kristiansund. Han står med ni kampar for A-laget og ti kampar for Sogndal 2.

Han reiser no til England med eit mål om å få meir speletid på et førstelag der borte.

- Eg har hatt gode samtalar med Noah gjennom den siste veka, seier trenar Eirik Bakke.


- Etter ønskje frå Noah, ville han no sjå seg om etter mogleg speletid andre plassar. No reiser han til England og ser etter meglegheiter for førstelagsfotball utanfor ligasystemet, held Bakke fram.

Noah Solskjær har stått fram som ein veldig flott person i tida her hjå oss.

- Han er ein fantastisk fin gut, som alltid gir 110% kvar dag, aldri klaging uansett. Han har satt sitt preg på oss i garderoben, det er ein flott gut med gode haldningar, seier Bakke.

No håpar me at Noah vil ta nye steg og fortsetja den fine utviklinga han har hatt her både som fotballspelaren og personen Noah.

- Me ønskjer Noah lukke til i England, og så er han alltid velkomen tilbake for å helsa på oss her i Sogndal, avsluttar Eirik Bakke.

Tusen takk for ei fin tid i lag, Noah!

Annonse fra Obos-ligaen: