Noah Solskjær på lån

Midtbanespelaren frå Kristiansund er på plass.

Sogndal Fotball og Kristiansund BK er samde om ein utlånsavtale for midtbanespelar Noah Solskjær (f. 9/6 2000).

Avtalen strekkjer seg til og med 31/8, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Noah er på plass i bygda, og gjennomførte dagens treningsøkt i lag med sine nye lagkameratar.




Trenar Eirik Bakke omtalar Noah som ein slepen midtbanespelar med godt overblikk og god venstrefot.

- Me skal ta oss godt av han her hjå oss, seier Bakke.

- Noah har trent og vore med A-laget sidan sommaren 2020. Han har vist stor progresjon og utvikling. Neste steg på vegen er no å optimalisera ytterlegare med ein så god matcharena som mogleg, og det vil Noah få i Sogndal, seier hovudtrener i Kristiansund Ballklubb, Christian Michelsen.

IMG_0467
Noah Solskjær på dagens trening (Foto: Rune Sjøberg)

 

Annonse fra Obos-ligaen: