Nominert til MOT-prisen 2022

Ei samla spelargruppe står bak Daniel Gjerde Sætren

Laurdag 19. november delast MOT-prisen 2022 ut under NISO-Awards. Det er ei samla spelargruppe som har nominert Daniel Gjerde Sætren frå Sogndal.

Det er ei ære å bli nominert til denne prisen. I fjor var Mathias Blårud vår nominerte.

I år valde spelargruppa å heia fram Daniel:

I Sogndal Fotball står ei samla spelargruppe bak nominasjonen av keeper Daniel Gjerde Sætren til prisen for årets modigaste fotballspelar.

Som 14-åring reiste han frå ein trygg og god oppvekst i Svelgen og flytta modig inn til Sogndal for å bli keeper på A-laget.

Daniel er alltid positiv og blid, og han bidreg med å halda humøret oppe i spelargruppa. Han står alltid opp for meiningane sine og har ein tilstedeværelse i gjengen ein ikkje ofte ser frå ein gut på seksten år.

Lagspelaren Daniel tek ansvar for seg sjølv og lagkameratane på ein utmerka måte og er ein flott rollemodell for yngre spelarar i klubben. Han har allereie vore kaptein på aldersbestemte landslag, hans naturlege audmjukheit gjer han til eit trygt samlingspunkt.

Det er ein veldig god gut som er hyggeleg mot alle.

I haust vart førstekeeper skada og Daniel debuterte i OBOS-ligaen med kraft og autoritet, og stod fram som ein av lagets beste spelarar i desse kampane.

Daniel er rett og slett heil ved!

Daniel mot Start
Daniel mot Start

Me i Sogndal er utruleg stolte over å få vera eit ambassadørlag for MOT, noko me har vore i ei årrekkje. Me heiar på gjengen i MOT Sogndal

Når årets prisutdeling går av stabelen på laurdag er det 16 toppfotballspelarar som er nominert frå Eliteserien, Toppserien og OBOS-ligaen. MOT-prisen er ei viktig utmerking til spelarar som påvirker ungdom på ein positiv måte, og MOT er utruleg stolte over å kunne gjera stas på viktige førebilete på denne måten!

Les om alle dei nominerte her

MOT har ståltru på å snakka om åtferd ein ønskjer meir av, og nettopp difor ønsker ein óg å løfta fram spelarar som går foran som gode og bevisste førebilete. Spelarane er nominert av spelargruppa eller kapteinsteamet i sine klubbar.

Nytt av året er at prisen blir delt ut av ein jury. Årets jury har bestått av; tidlegare MOT-ambassadør Brede Hangeland, tidlegare vinnar av MOT-prisen og NFF-ansatt Kristoffer Vatshaug, tidlegare ansatt i MOT og journalist for Discovery Susanne Wergeland, styremedlem i MOT Rune Bratseth og Leiar for MOT marked Ingrid Ness Rolland.

Annonse fra Obos-ligaen: