Ny avtale for Eirik Lereng

Årdølen har forlenga med eitt år

Eirik Lereng og Sogndal Fotball er samde om å forlenga avtalen med eitt år, slik at me får sjå den talentfulle ungguten i kvitedrakta ut sesongen 2022.

- Eirik viste ein veldig fin utvikling gjennom heile sesongen i fjor. Han jobbar hardt og målretta og me er veldig glade for den responsen han gav då han fekk kontrakt i fjor haust, seier Håvard Flo.

Den unge årdølen fekk kontrakt etter kampen mot Notodden på seinsommaren i fjor og står no med 10 offisielle A-kampar for Sogndal. Dette talet hadde nok vore høgare om han ikkje vart skada i kampen mot Strømmen i september.

Han gjorde sakene sine så bra at han kom inn i landslagsvarmen og fekk debuten mot Nord-Irland i prøve-EM for G18 landslag. Eirik spelte tre kampar med flagget på brystet, og dei norske gutane gjekk heilt til topps i turneringa.

- Eirik har teke plassen i gruppa og har ei lysande framtid føre seg på fotballbana, avsluttar Flo.

Me gler oss til nye år i lag med den sympatiske karen frå Øvre Årdal!

Eirik debuterte på det norske G18 landslaget i 2019
Eirik debuterte på det norske G18 landslaget i 2019

 

Annonse fra Obos-ligaen: