Ny avtale for Joakim Nundal!

Joakim Nundal har signert ein ny avtale som strekkjer seg ut 2026!

Sogndal Fotball og Joakim Berg Nundal, f. 23. oktober 2005, har signert ei ny avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Joakim kom til oss frå Årdal før 2023-sesongen, og vart ein del av utviklingsavdelinga. Han vart tidleg ein del av B-lista, og debuten fekk han i cupkampen mot Sarpsborg 08. Etter nokre gode innhopp kom proffkontrakten i august 2023, og Joakim fekk fleire kampar utover hausten. I 3-1-sigeren borte mot Jerv scora han sitt fyrste mål, og i bortekampen mot Hødd noterte han seg også for scoring. No har han signert ein ny og forlenga avtale med Sogndal Fotball!

IMG_3577 a.JPG
Joakim i ein av mange tøffe duellar på topp!

Joakim er ein spelar som ikkje legg noko mellom, og trøkker til i duellar. Han er hardtarbeidande og gjer livet surt for forsvarsspelarane han møter. Innsatsen blir no belønna med ny kontrakt, og spissen frå Årdal er glad for å vera med vidare:

Nundal ny kontrakt.jpg
Joakim har skrive kontrakt ut 2026-sesongen!

- Joakim kom til oss frå Årdal, og gjorde seg tidleg bemerka med sin energi og pågangsmot. Etter debuten som B-listespelar i 2023 fekk han raskt mange kampar utover hausten og scora nokre flotte mål. No har me hatt ein dialog om å forlenge den eksisterande avtalen, og me er glade for å ha med oss Joakim ut 2026, fortel ein nøgd Håvard Flo.

B67I3642.jpg
Joakim Nundal er med vidare!

Me er glade for å ha med oss Joakim vidare, og gler oss til å følgje utviklinga hans dei kommande sesongane! Neste moglegheit for å sjå han i aksjon er i heimekampen mot Egersund på søndag! 

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: