Ny avtale med Hoven-karane!

Kristoffer og Andreas har forlenga kontraktane

Sogndal Fotball har skrive ny avtale med Kristoffer Hoven (f. 10/8 1996) og med Andreas Hoven (f. 20/2 1998). Dei nye avtalane går fram til 1/8 2023.

- Dette er to karar me vil ha med oss vidare i framtidsplanane etter at dei har levert svært solid i den tida dei har vore her, seier ein glad Håvard Flo om dei nye avtalane.


Hoven-brørne kom til Sogndal i fjor somar og Kristoffer står så langt med 22 kampar og 13 mål, medan Andreas står med 22 kampar og 3 nettkjenningar.

- Etter gode prestasjonar på bana og god innsats i garderoben var tida inne for å diskutera eit lengre løp, seier Flo.

- Eg hadde ikkje bruk for lang betenkningstid på om eg ville vera her lenger, eg stortrivast her i Sogndal, seier Andreas med det gode smilet.
 

Andreas gjer ein veldig viktig defensiv jobb i tillegg til å vera eit angrepsvåpen.
Andreas gjer ein veldig viktig defensiv jobb i tillegg til å vera eit angrepsvåpen.

- Eg har det meget bra her, seier Kristoffer, og legg til grunn ein ung og fin gjeng som vil opp og fram som ein viktig faktor.

Flo er full av lovord om karane som starta med fotball på Konnerud i Drammen. Bydelen er mest kjent for snø og ski, og foreldra til karane var særs solide friidrettsutøvarar, der mamma Anne-Beth står med kongepokal i hekkeløp. Pappa Anders står med sølv i NM som karrierebeste.

- Mamma og pappa har lagt alt tilrette for oss som idrettsutøvarar, utan at dei har pusha oss i nokon retning, me har teke våre eigne val heile vegen, fortel Andeas.

- Dei er veldig stolte og glade for at det går så bra for oss i Sogndal, held han fram.



Assistenttrenar Marius Lenni Bøe har mykje godt å seie om Hoven-karane.

Årets sesong har vore prega av oppturar og nedturar for brørne, for Kristoffer har det meste gått oppover.

- Eg er meir inne i gjengen no og ikkje "ein av dei nye" meir. Trivselen er høg, med kjekke folk og eg føler eg meir kan vera meg sjølv no. På bana har eg meir funne mi rolle i laget, og eg blir brukt på ein måte som passar meg betre.

Han er sjølvsagt oppteken av at han skal skåra mål i kvitedrakta.
 

Her skårar Kristoffer sitt tredje for dagen mot Strømmen
Her skårar Kristoffer sitt tredje for dagen mot Strømmen

- Det er jo hovudoppgåva mi, men for laget er det viktigst å vinna kampar, så får skåringane bli bonusen. Men det er veldig kjekt at eg er med og kjempar om toppskårartittelen så langt i sesongen, både for meg sjølv, men óg for laget. Det er jo viktig at me får eindel mål, seier Kristoffer.

For bror og sambuar Andreas har dei siste vekene vore litt tyngre, då den raske har slite med skade. No er han skadefri og snart tilbake i godt driv i kampane. Han bidreg med høg arbeidskapasitet, er god med ball og gir laget ein ekstra dimensjon når han er frisk og i form.
 

Andreas skårar mot Åsane på ein flott kontring
Andreas skårar mot Åsane på ein flott kontring

- Det kjekkaste med å vera her i Sogndal er at det er eit slikt rått utviklingsfokus, me vil utvikla oss vidare, og me har trenarar som pusher oss heile vegen. Dei vil det beste for oss, og me har alle moglegheiter for å lukkast her! Eg har stor tru på at dette laget og denne gruppa vil gjera det godt i framtida, avsluttar Andreas.

Me ser fram til mange kjekke stunder i lag med desse flotte brørne!
 

Me har mykje moro i vente frå Kristoffer i åra som kjem
Me har mykje moro i vente frå Kristoffer i åra som kjem

 

Annonse fra Obos-ligaen: