Ny god kamp og uavgjort mot Lyn

Det enda 1-1 i ein god treningskamp mot Lyn i dag

Det var endeleg klart for ein ny kamp på norsk jord når Lyn kom på besøk til Sognahallen i dag. Oliver Hintsa sendte oss i føringa i fyrsteomgang etter flott forarbeid av Joakim Nundal, medan Lyn utlikna like før slutt.

Karadn byrja bra, og tok føringa i kampen. Det skulle også gi utteljing på måltavla, og det var vår svenske spiss som satte dagens fyrste scoring. Diogo Brás og Marius Årøy kombinerte på høgresida, og sistnemnde spelte igjennom Joakim Nundal på kanten. Spissen satte fart og la ballen inn framfor mål. Der venta Oliver Hintsa som kasta seg inn framfor keeper og sklei inn eit fortent leiarmål.


Utover kampen kom begge lag til gode sjansar, og Daniel Gjerde Sætren leverte nokre gode redningar. I motsett ende var det berre unøyaktigheit og marginar som hindra ei ny scoring etter flotte kombinasjonar. Mot slutten av kampen kom derimot utlikninga, og ein jamn kamp enda 1-1.

Etter kampen fekk me ein prat med assistenttrenar Patrik Karoliussen, som var godt fornøgd med mykje av det karadn viste:


No ventar ein ny treningskamp allereie på onsdag. Hødd og Marius Bøe kjem til Sogndal, og me gler oss til ein ny kamp mot OBOS-motstand. Kampen spelast i Sognahallen kl. 13:00, og me håpar at dei som har moglegheit tek turen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: