Ny høgreback inn

Rutinerte Akeem Latifu blir sogndalsspelar dei neste to åra.

Akeem Latifu (f. 16/11 1989) og Sogndal Fotball har i dag signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2019.

Offensiv back inn
- Me er svært nøgde med å få inn Latifu. Han er ein rask og offensiv høgre back, og har masse erfaring på toppnivå, fortel sportslegleiar Håvard Flo.

- Me har vore litt tynne på høgre back posisjonen no då Teniste og Pedersen dro til andre klubbar. Latifu vil vere ei viktig brikke for oss i sesongen som kjem, seier Flo

- At me henta Latifu no er spesielt med bakgrunn på det han har prestert i Hødd og Aalesund. Etter Aalesund har Latifu og spelt for fleire toppklubbar i utlandet, der han har fått god erfaring og speletid, fortel Flo.

Les meir om Akeem Latifu sin klubbhistorikk under biletet.Akeem Latifu FlorøH trening 2018 Foto - Toril Walker NorheimAkeem Latifu i aksjon i treningskampen mot Florø 20. jan 2018.

Latifu er frå Kano i Nigeria, og kom første gong til Norge allereie i 2010. Det var Strømsgodset som henta karen som i 2007 spelte på Nigerias landslag under U20 VM i Canada.

Spelt for Strømsgodset og Hødd
Det vart begrensa med speletid i Godset, og Akeem gjekk til Hødd i sesongen 2011. Der spelte han 88 kampar for blåtrøyene fram til halve sesongen var unnagjort i 2013. Han vart Norgesmeister med mørelaget i 2012 i lag med Victor Grodås, etter den dramatiske finalen mot Tromsø. Kampen måtte avgjerast med straffesparkkonkurranse, og Akeem sette Hødd si første straffe kontant i mål.

Tida i Aalesund
Aalesund henta Akeem på lån midtvegs i 2013, og det vart 11 haustkampar for høgrebacken før overgangen blei permanent. I sesongane 2014-2015 spelte han for dei oransjekledde, og det vart 65 kampar og tre mål desse åra. I 2015 gjorde han sakene sine så bra at han spelte 2 A-landskampar for Nigeria.

Speletid i fleire Europeiske klubber
I dei neste åra spelte han for klubbar i Ukraina, Azerbaijan og no sist i Ungarn. Han var óg innom Alanyaspor i Tyrkia, men fekk ikkje speletid der.

I Stal Dniprodzerzhynsk (Ukraina) spelte han sju kampar, i Zira (Azerbaijan) vart det 11 opptredener og for ungarske Budapest Honvéd spelte han 16 kampar. 

Annonse fra Obos-ligaen: