Ny høgreback klar

Hörður Ingi Gunnarsson har signert!

Hörður Ingi Gunnarsson har i dag signert ein 3 års kontrakt med Sogndal som strekkjer seg ut desember 2024. Den islandske backen kjem frå Hafnarfjördur i den islandske toppdivisjonen.

Hörður er 23 år (f. Aug 14, 1998) og kan spela både som høgre- og venstreback. Han hadde heile ungdomskarriera si i barndomsklubben Hafnarfjördur og har spelt i dei islandske klubbane Vikingur Olafsvik og HK Kopavogs på lån. I 2018 meldte han overgang til Akranes før han returnerte til Hafnarfjördur før 2020 sesongen. Han har spelt for dei aldersbestemte landslaga til Island med blandt anna 18 kampar for U21 landslaget. 29 mai 2021 fekk han også debuten for A-landslaget til Island i ein treningskamp mot Mexico.

Kva er fyrsteinntrykket ditt av Sogndal?

-Veldig bra. Det er ein veldig vakker plass og alle eg har møtt i dag har vore veldig hyggelege.

Korleis er Sogndal samanlikna med der du kjem frå?

-Kulturen her er ganske lik. Sogndal er mindre enn Hafnarfjördur som ligg nært hovudstaden Reykjavik, men det blir ikkje nytt å bu på ein litt mindre plass sidan eg vart vant med det når eg var på utlån. Eg synst det er koseleg.

Kva veit du om klubben frå før?

-Eg har berre høyrt positive ting. Eg veit at det er ein bra klubb i Norge og at klubben har ein fin historie. Eg snakka med litt ulike spelarar som har spelt her før, og med spelarar som har betre kjennskap til klubben. Dei hadde berre positive ting å fortelje meg.

Korleis vil du beskriva deg sjølv som spelar?

-Eg er allsidig og kan spela både som høgre- og venstreback. Eg likar å angripa og er offensiv i spelestilen samtidig som at eg er god i forsvar. Litt all-round, med forbetringspotensiale på ulike ting. Eg trur dette kan vere ein god moglegheit for å utvikla meg vidare som spelar.

Korleis er du utanfor bana?

-Eg er ein roleg type. På fritida brukar eg tid med vennar og i det siste har eg også fått litt interesse for golf.

Hörður kan også fortelje at favorittklubben hans er Chelsea, noko som vår nye hovudtrenar sikkert er veldig nøgd med.

Håvard Flo:
- Hörður er ein veldig allvendig back. Han har masse god erfaring på klubb og landslag frå toppdivisjonen på Island. Han har to gode pasningsføter. Han er høgrebeint, men er også veldig bra med venstrefoten. Dette er ein solid høgreback som vil sette sitt preg på den posisjonen framover. Eg har fått eit godt inntrykk av han som person utanfor bana, ser fram til samarbeidet og ønsker han velkommen til klubben.

Tore Andre Flo:
- Eg er veldig glad for å ha han her. Han har bra internasjonal erfaring frå aldersbestemte landslag, og har også fått prøva seg på A-laget til Island. Det er ein spennande type som er god defensivt. Han er aggressiv i ballvinninga si, og har ein gode innlegg. Han er også solid og trygg defensivt i posisjonsspelet. Me har studert han på ulike videoklipp, og har fått mange gode tilbakemeldingar frå fleire. Eg er overbevist om av dette vert spennande.

Annonse fra Obos-ligaen: