Ny keeper på lån

Jørgen Johnsen frå Vålerenga blir på Fosshaugane ut sesongen

Sogndal Fotball er samde med Vålerenga Fotball om eit lån av keeper Jørgen Johnsen (f. 19/4 2001) ut sesongen 2020.

Denne låneavtalen kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Jørgen er ein ung, talentfull keeper med 16 aldersbestemte landskampar. Karen frå Vestfold starta karrieren sin i Nøtterøy, og har vore innom både Tønsberg FK og Strømsgodset før han kom til Vålerenga.

Det er ein kjekke kar me har spelt mot tidlegare. Under G19-kampen på Intility i fjor, stod han ein veldig god kamp.

No kjem han inn på Fosshaugane for ein periode som vikar for Håvard Hetle. Me gler oss til å bli betre kjent med Jørgen!

- Det er teke ein beslutning på at det er svært viktig for Håvard Hetle å få spela kampar i haust med Sogndal G20, difor gjer me denne justeringa no, seier Håvard Flo.

Håvard er ein keeper me har stor tru på i framtida, og det å gå ein heil sesong utan kampkvardag er ikkje optimalt for den talentfulle karen frå Breim. 

Les om G20 serien her 

 

Annonse fra Obos-ligaen: