Ny kontrakt for Anders

Sogndølen blir på Fosshaugane ut 2023

Sogndal Fotball og Anders Johannessen Nord (f. 17/10-2000) har signert ein ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2023.

Anders har gått gradene her i klubben frå miniputt til han signerte sin første kontrakt med A-laget i desember 2019. Han resignerte i 2021 og er no klar for sin tredje avtale i Kvitedrakta.

- Det er kjekt at Anders blir verande her eitt år til! Han er ein skikkeleg sogndøl og ein lokal gut det er kjekt å ha med, seier assistenttrenar Rune Bolli Bolseth. Bolli kjenner Anders veldig godt etter mange år og no gler han seg til eit nytt kapittel med den finslepne teknikaren.

- Eg eg veldig glad for å fortsetje karriera mi her i barndomsklubben min, eg har vore her heile livet, seier Anders - 3. generasjons Sogndal-spelar etter morfar Johan Johannessen og pappa Stig Nord.

- Eg tykkjer me er ein fin gjeng, me har bra fasilitetar, og no vil me ta nye steg i lag, seier Anders.

Han signerte papira på kontoret til Håvard Flo, som er veldig nøgd med å ha Anders med vidare.

- Me er veldig glade for at me har signert vår tredje avtale, og me håpar at han vil fortsetje på sin fine utvikling. Det ligg mykje potensiale i denne guten, og me ser ein positiv progresjon som me håpar skal materalisera seg i mykje speletid i 2023-sesongen, seier Flo.

Det har vore litt opp- og nedturar for Anders.

- Det er viktig med gode veker for han no når me startar opp att, seier Bolli.

- Anders har vore litt uheldig med sjukdom og skadar, og får han ei god forsesong der han er frisk og skadefri, får me ein spelar med eit voldsomt toppnivå og finslepen teknikk, seier Bolseth.

Anders i aksjon mot Stjørdals-Blink
Anders i aksjon mot Stjørdals-Blink

- Eg håpar at det er her i Sogndal eg vil få gjennombrotet mitt, det er noko eg har venta på, og med ein god preseason der eg unngår skadeproblematikk, håpar eg at eg får sjansen til å visa meg fram gjennom speletid i kampar, seier Anders.

- Me veit kva Anders kan gjera utpå bana, no må han stabilisera prestasjonane på eit høgre nivå. Han har alt som skal til for å bli ein bra spelar, men det ligg mykje hardt arbeid i vente for han, seier Bolli.

- No er det opp til Anders å ta denne moglegheiten, og det trur me han gjer, seier Håvard.

- Eg er klar til å gi gass etter nyttår i lag med resten av gjengen. Det å få vera med på eit opprykk med Sogndal hadde vore veldig stort, avsluttar Anders.

Me ønskjer Anders lukke til med sesongen!

Annonse fra Obos-ligaen: