Ny kontrakt for Jørgen

Keeperen har signert for eit nytt år i Sogndal

Sogndal Fotball og Jørgen Johnsen er samde om å forlengja samarbeidet for eitt nytt år. Den nye avtalen trer i kraft 1/1 2022 og strekkjer seg fram til 31/12 2022.

Jørgen kom til Sogndal frå Vålerenga i oktober 2020. Han har komen fint inn i miljøet, og er eit flott tilskot til keepergruppa.

- Me ville ha med Jørgen vidare då han er ein veldig flott gut som passar godt inn i gjengen, samstundes som han er ein talentfull keeper. Me er glade for at han blir verande hjå oss også neste år, seier Håvard Flo.

Jørgen står med 16 aldersbestemte landskampar, og tjueåringen har funne seg godt til rette her i Sogndal.

- Det blir eit spennande prosjekt neste år, me har eit godt miljø her og det er fine folk i klubben. Eg er blitt glad i både bygda og klubben Sogndal, seier Jørgen.

Vestfold-guten gler seg til treningane med keepergruppa.

- Geir er ein veldig energisk, oppmuntrande og fin keepertrenar, og Renze er ein bra fyr med mykje rutine, og han er ein god mentor for meg.

Jørgen ser allereie fram til neste år, der han håpar at sesongen skal avsluttast med opprykk.

- Eg ønskjer å ta nye steg som keeper og fortsatt utvikla meg både som spelar og person her i klubben, slik at eg kan vera eit godt alternativ på keeperplassen.

Som ung keeper er Jørgen offensiv om framtida.

- Eg vil bli den beste utgåva av meg sjølv, slik at eg om nokre år får spela fotball på topp nivå der eg må prestera godt kvar kamp, avsluttar Jørgen Johnsen.

Me gler oss til eit nytt år med den sympatiske karen frå Nøtterøy utanfor Tønsberg.

Annonse fra Obos-ligaen: