Ny kontrakt for Kristoffer

Florø-guten er med oss ut sesongen 2025

Sogndal Fotball og Kristoffer Haukås Steinset (f. 15/9 2005) har signert ein ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2025.

- Etter ein veldig fin debutsesong i klubben, er me veldig glade for å ha forhandla fram denne avtalen, seier Håvard Flo.

- Kristoffer er ein veldig lovande spelar, og med denne resigneringa er det ei stadfesting frå klubb at me er særs nøgde med utviklinga hans dette året, held Flo fram.

Ein stolt kar kunne signera den nye kontrakta på Flo sitt kontor.
Ein stolt kar kunne signera den nye kontrakta på Flo sitt kontor.

Kristoffer kom til Sogndal frå Florø, der han spelte mange kampar i PostNord-ligaen i 2021-sesongen. Det var mot gamle lagkameratar han fekk sin offisielle debut i Kvitedrakta, då me slo Florø 5-0 i NM på Florø Stadion. Etter dette har han spelt 10 kampar i OBOS-ligaen, i nokre av desse har han vist at han er ein spennande kar for framtida.

- Eg er veldig stolt over at klubben vel å resignera kontrakta allereie no, det viser at eg har gjort noko rett i år, seier den sympatiske karen audmjukt.

- Dette har vore eit spennande år. Eg følte eg var i god driv i oppkøyringa, men så vart eg sjuk og satt litt tilbake, men i haust har eg kjent meg i god form. No er det fokus på neste år som gjeld, det er ei oppleving å få vera ein del av ein profesjonell fotballklubb som her i Sogndal, fortel Kristoffer.

311453933_10160018478336544_8223641887780328385_n.jpg
Kristoffer i aksjon mot Stjørdals-Blink

- Han kom inn som eit friskt pust i gruppa vår, fortel Rune Bolli Bolseth om midtbanespelaren.

- Kristoffer tok godt føre seg på trening og han spelte gode kampar i sesongoppkøyringa. Etter sommaren har me sett kva som bur i han, han har vore god på trening og i kamp. Det er godt med slike som Kristoffer i gruppa, han er ein som gjev alt 100% kvar gong, fortel Bolli.

Guten er litt sogning óg. Han hadde dei første leveåra her i bygda, og gjekk lenge nok i barnehagen til å snakka litt sogndøl før Palmekysten venta. No er han godt i gang med livet i sin andre periode i Saftbygda.

- Overgangen frå å bu heime har gått fint. Eg budde hjå Terje Skjeldestad den første tida, no har eg ein leiligheit der eg lagar mat sjølv og står på og kosar meg med slike ting, smiler Kristoffer.

Terje fortel at Kristoffer kan bli ein veldig bra fotballspelar og ein kar for framtida med sin kapasitet og mentalitet. 

- Han må vera tålmodig og jobba hardt framover, og fortsetja med å vera ein slik energibunt og gledespreiar som han er i dag, seier Terje som gler seg over at Kristoffer ser moglegheiter der mange andre ser eit problem.

- Kristoffer har alle føresetnader for å oppnå draumane sine, seier Terje.

- Eg er faktisk litt irritert over at det er ferie no, ler Kristoffer, då han helst ville vore i gang med opptrening til ny sesong allereie. No skal han feira jul heime i Florø, før han returnerar topp motivert for sesongen 2023. 

- Det blir spennande! Me skal sjølvsagt gå for opprykk!

- Me gler oss til desse åra med Kristoffer. Han er ein moden gut og er veldig dedikert i alt han gjer, dette er ein spennande spelar, avsluttar Håvard Flo.

Me gler oss til fine år i lag med Kristoffer!

Steinset1.jpg

 

Annonse fra Obos-ligaen: