Ny møteplass på kampdag!

Sogndal Fotball og SAMAN etablerar «Sportshjørna»

Sogndal Fotball og SAMAN har inngått eit samarbeid om etablering av «Sportshjørna» på Fosshaugane Campus. Lokaliseringa vert i Kaffibaren i Sognekraftgata, og dette skal vera ein møteplass for dei over 18 år på kampdag. Dørene vil opna to timar før avspark og stenga når laga forlet garderoben og er klar for kamp. Her skal kampen og fotballen stå i fokus. Meiningar skal delast, praten skal gå og energien skal bygga seg opp til kampstart.

- Mange har etterspurt dette, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball Rasmus Mo. 

 - Me er særs takksam for at SAMAN spelar på lag med oss og tek på seg vertsrolla. Det vert fotball på tv-skjermar, intervju med aktuelle personar og mykje prat. Me gler oss, seier Mo

- I Sportshjørna vil me servera enkel mat og drikke. Dette blir kjekt, smiler Hugo Wikan, som til dagleg driv mellom anna Kaffibaren på Campus.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: