Ny poengdeling på Fosshaugadn

Målet til Sebastian Pedersen var berre nok til eitt poeng mot Skeid

Det vil seg ikkje for tida, og me sit igjen med poengdeling og eitt poeng etter heimekampen mot Skeid. Etter ein sjansefattig fyrsteomgang var det Skeid som tok leiinga etter pause. Sebastian Pedersen svara med ei rask scoring, men ein klarte aldri å sette det avgjerande målet. 

Fyrsteomgang bar preg av varmen på Fosshaugadn, og to lag som har spelt 3 kampar den siste veka. Lavt tempo og få sjansar gjorde at det stod 0-0 til pause. Etter kvilen byrja det å skje meir, men det var bortelaget som fekk den fyrste scoringa. Lars Jendal måtte gi retur på eit innlegg, og Skeid fekk avslutta på nytt. Sander Granheim kasta seg inn for å blokkere, men var uheldig og satte ballen i eige mål. Bortelaget var i føringa.

Heldigvis førte scoringa til ein rask respons frå karadn, og Sebastian Pedersen var på rett plass. Lukass Vapne slo eit nydeleg gjennomspel mot venstresida av feltet. Sebastian Pedersen tima løpet bra, og avslutta på fyrste berøring. Ballen gjekk i mål, og me var tilbake i kampen med 35 minutt igjen. Diverre kom det aldri nokon fleire scoringar, og me sit igjen med eitt poeng.

Dette var diverre ein ny skuffande kamp, og me skal jobbe hardt for å kome tilbake på vinnarsporet. Tusen takk for støtta på stadion i dag. Me håpar å sjå dykk igjen allereie på onsdag, når Hødd kjem på besøk til Fosshaugadn. Det blir ein ny sjanse til å slå tilbake, og me treng dykk!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: