Ny satsing på kommunikasjon I Sogndal Fotball
Sogndal Fotball har tilsett Mats S. Birkelund (32) som ny kommunikasjonsansvarleg, med særleg ansvar for å formidle gode historier og produsere innhald frå livet i og rundt klubben.
Stillinga er ei prosjektstilling og ein del av ei ny satsing i klubben for å styrke kommunikasjon, identitet og synlegheit i åra som kjem.
– Eg trur det finst mange små og store historier i og rundt klubben som eg kan bidra til å fortelje og løfte fram – både rundt A-laget, men òg i og rundt klubben som heilskap. Me må få vist fram dei gode folka som brenn for Sogndal, seier Mats.
Ei viktig satsing for klubben
– Denne stillinga blir ein viktig del av klubben sitt fokus og satsing framover. Prosjektet skal bidra til å tydeleggjere identiteten til Sogndal Fotball, vidareutvikle merkevara og auke synlegheita til klubben. Mats skal særleg bidra inn i dette arbeidet med sin digitale kompetanse og erfaring frå innhaldsproduksjon, seier konstituert dagleg leiar Ingrid Narum.
Ho peikar på at kommunikasjon spelar ei stadig viktigare rolle i klubbutviklinga.
– Gjennom målretta kommunikasjon og historieforteljing skal prosjektet skape stoltheit, engasjement og tilhøyrsle blant supportarar, bygda og samarbeidspartnarar, samstundes som me synleggjer klubben si rolle i samfunnsutviklinga i regionen.
Stillinga er etablert i samarbeid med Idrettssenteret AS og Fosshaugane AS for å løfte kommunikasjon og synlegheit for alle tre partar.
Brei erfaring – vil løfte fram folka i klubben
Mats vil få ei viktig rolle i arbeidet med kommunikasjon, synlegheit og digital utvikling, og skal bidra inn i arbeidet med merkevare og marknad gjennom innhald, historieforteljing og digitale flater.
Dei fire siste sesongane har Mats arbeidd med innhaldsproduksjon, marknad og merkevare for Even Management og KMS RX, der han har vore med på å synleggjere utøvarar og team innan rally og verdsmeisterskapen i rallycross.
Karrieren starta i KIL Toppfotball før han gjekk vidare som journalist i Glåmdalen, Stavanger Aftenblad og Aftenposten. Dei siste ti åra har han jobba med reklame, kommunikasjon og filmproduksjon, mellom anna i Leidar og Lofoten Film Collective.
No ser han fram til å bruke erfaringa si i Sogndal.
– Målet er å skape større engasjement rundt klubben og bidra til at partnarane får meir verdi og betre synlegheit. Det skal me gjere gjennom betre og meir målretta digital formidling, ved å vere tydelegare på identiteten vår og vise fram ungdom, frivillige, tilsette og spelarar. Samtidig må me bli flinkare til å lage aktivering og konsept saman med partnarane, både fysisk og digitalt.
Klar for nye utfordringar i Sogndal
Han legg ikkje skjul på at Sogndal-jobben stod høgt på ønskelista.
– Eg gler meg veldig til å begynne og er takksam for moglegheita. Eg ser fram til å bruke erfaringa mi til å bidra inn i klubben. Samtidig vil eg takke tidlegare kollegaer og utøvarar for fire flotte og lærerike år på jakt etter VM-gull. Eg har fått oppleve mykje og lært mykje, men no var det rett å reise mindre og jobbe meir lokalt. Eg gler meg til å jobbe vidare med dedikerte menneske som jaktar sigrar her heime.
Me ønskjer Mats velkomen på laget! Den første tida vil han bruke til å bli godt kjend med klubben, folka og miljøet i og rundt Sogndal Fotball.