Ny sørlending har signert

Blir Sogndal-spelar dei tre neste åra.

Sogndal Fotball og Sandnes Ulf er samde om ein overgang for Eirik Schulze (f. 7. januar 1993).

Avtalen med Eirik er signert, og strekkjer seg ut 2019-sesongen.

24-åringen kjem frå Mandal, og er midtbanespelar. 

- Me er veldig glade for å få Eirik til Fosshaugane. Han er ein løpssterk og hardtarbeidande midtbanespelar som er ung og har ambisjonar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Eirik spelte for moderklubben Mandalskameratene før han i 2012 gjekk til Viking. Der fekk han tre kampar i Tippeligaen, den eine var mot Sogndal då siddisane vann 4-1 på Viking Stadion.

Turen gjekk så vidare til Strømmen, der han spelte under trenar Espen Olsen i to sesongar. I Strømmen hadde han stor tillit og spelte 58 obligatoriske kampar og noterte seg for 10 nettkjenningar. Han spelte begge kampane mot Sogndal, då me møtte Strømmen i 2015.

I fjor spelte han i Sandnes Ulf. Det vart 31 kampar og 3 skåringar for dei lyseblå.

- Eg kjem hit for å etablera meg som Eliteserie-spelar!

— Eirik Schulze

- Eirik er ein fin type, snill utanfor bana, men ein terrier i kamp. Han vil gå fint inn i den gruppa me har her no, fortel Flo.

Mandalsguten kjenner godt Martin Ramsland frå før, og gler seg til å ta fatt her i Sogndal.

- Eg kjem hit for å etablera meg som Eliteserie-spelar. Eg har ambisjonar om å spele meg inn på laget, seier Eirik, som etter eit kort opphald i Sogndal reiste tilbake til Sørlandet for å pakka sakene sine. Han kjem tilbake over helga og er klar til treningsoppstart på tysdag.

Me ynskjer Eirik velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: