Ny stoppar klar

Stefan Antonijevic blir sogndøl dei neste to åra

Sogndal Fotball og Stefan Zelimir Antonijevic (f.24/1 1989) er samde om ein avtale som går ut sesongen 2020. Stefan er høgreist og rutinert midtstoppar.

Stopparen spelte for Lillestrøm i sesongane 2017-2018, og vart noregsmeister med kanarifuglane det første året.

Stefan Zelimir Antonijevic er frå ein forstad av Chicago, og har både amerikansk og serbisk pass. Han har spelt to kampar på det serbiske U19-landslaget.

Tidlegare har Stefan spelt på Vermont Voltage, Fort Lauderdale Strikers og Tampa Bay Rowdies i heimlandet, før han vart kanarifugl i 2017. Han spelte 29 kampar i den gule drakta, og han har møtt Sogndal både i seriespel og treningskamp.

- Dette er ein god moglegheit for meg til å utvikla meg vidare som fotballspelar, seier Stefan, og legg til at han ser fram til å bidra i kvitetrøya.

Stefan Zelimir Antonijevic
Stefan på dagens trening

- Sogndal er ein klubb med stort potensial, me har gode treningsmoglegheiter og eg har eit veldig positivt inntrykk av både klubb og bygd so langt.

Han likar godt å vera i ein utfordrarposisjon.

- Dei siste åra har eg spelt for eit lag der fokus har vore å overleva. No kjem eg til ein klubb der målet er opprykk. Eg skal gjera det eg kan for at me når målet vårt i år, seier den sympatiske amerikanaren, som har norsk kjærast. Ho bur i Oslo.

Me kjem tilbake med eit videointervju med Stefan seinare.


Annonse fra Obos-ligaen: