Ny stoppar signert

Oslo-guten Mansour Gueye gjer sogning av seg

Sogndal Fotball og KFUM Oslo er samde om ein overgang for Mansour Gueye ( fødd 1. januar 1994)

Sogndal Fotball og Mansour Gueye er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2023. Oslo-guten er på plass i Sogndal, me gler oss til å bli betre kjent med han.

- Mansour er ein stor og sterk midtstoppar som har hatt ein veldig fin utvikling dei siste åra, no kjem han hit som fotballspelar på heiltid, og me trur han kan bli ein bra mann for oss, seier Eirik Bakke.



Mansour hadde ein veldig fin sesong med KFUM i fjor. Han er ein høgreist og sterk midtstoppar, som tek godt for seg i duellspelet. Med god luftstyrke og bra fart, håpar me at han skal ta nye steg her i Sogndal.

- Me håpar at Mansour vil bli ein viktig brikke framover. Dette er ein vaksen kar med godt potensiale, og det var mange klubbar som var interesserte i han etter den gode sesongen han hadde i fjor, seier Håvard Flo.

Mansour kom til Norge som åtteåring frå Senegal, og Oslo-guten har spelt for Oslo City, Skeid og Strømmen før han entra Ekebergsletta  og slutta seg til Kåffa. For KFUM står han bokført med 61 kampar og tre skåringar.

No ventar sesongoppkøyring med Sogndal, me ser fram til ein kjekk sesong i lag med Mansour.

Velkomen til Sogndal!!

Annonse fra Obos-ligaen: