Ny storsiger for Sogndal 2 mot Vik!

Sogndal 2 vann heile 7-1 mot Vik

Sogndal 2 held fram der A-laget ga seg i går, og ga seg ikkje før det stod 7-1 mot Vik. Bortelaget tok fyrst leiinga i fyrsteomgang, men kampen vart fort snudd og det var liten tvil om kven som stakk av med sigeren på Fosshaugadn!

Sogndal 2 byrja kampen med eit bra trøkk mot forsvaret til Vik, men bortelaget stod i mot i starten av kampen. Keeper Stig Roar Hovland fekk ingen avslutningar forbi seg før drikkepausen halvvegs i omgangen. Etter 21 minutt var det bortelaget som tok leiinga ved Eirik Følid Berglund på ein av få moglegheiter i omgangen. Etter 37 minutt kom utlikninga når Joakim Nundal kom til avslutning og fekk lurt ballen ned ved stolpen. Like før pause sendte Kristoffer Haukås Steinset heimelaget opp til 2-1 når han fekk ballen frå høgre og enkelt kunne sette ballen i mål.

Etter pause satte Joakim Nundal inn sitt andre på ei flott heading etter eit innlegg frå Johannes Konstali-Lødemel. Etter 73 minutt spelt sklei Viljar Stavø inn 4-1 etter innlegg frå Andreas Haugen Duesund. Toppscoraren scora også på straffespark etter 88 minutt og 5-1 var eit faktum. Like etter var det Kristian Kongelf sin tur til å sette ballen i mål når Stig Roar Hovland ikkje klarte å stoppe skuddet hans. På overtid av kampen sendte Johannes Konstali-Lødemel avgarde eit skudd som gjekk via ein forsvarar og i mål. Dermed enda det 7-1 til Sogndal 2 mot Vik. Scoringane kan du sjå i videoen under:


Sogndal 2 held fast på tabelltoppen, og Viljar Stavø sine to scoringar gjer at han står åleine som toppscorar igjen. Spissen har scora 8 mål i Kretsligaen 2024! Neste kamp for Sogndal 2 er toppkampen mot Fjøra på Fosshaugadn 18. mai klokka 15:00. Denne kan du ikkje gå glipp av!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: