Nye år med Toyota

Eit langt og godt samarbeid held fram

Sogndal Fotball er glade for å kunne annonsera at me i lag med Toyota Sogn har signert ny samarbeidsavtale gjeldande ut sesongen 2021!

- Heilt sidan 1982 har Toyota Sogn og Sogndal Fotball hatt eit tett og godt samarbeid, og me er veldig glade og stolte for at dette held fram, seier marknadssjef Terje Teigen i Sogndal Fotball.

Toyota har vore det leiande personbilmerket i Sogn i mange år, og med 24% marknadsandel i 2019 har nesten kvar fjerde sogning kjøpt ny personbil på Toyota Sogn.

– Me trur mange vel oss fordi Toyota leverer kvalitetsprodukt, og ikkje minst fordi me har mange flinke medarbeidarar som gjer til at kundane trivast hjå oss, fortel Tor Arne Ness, dagleg leiar i Toyota Sogn.

- Som lokal aktør er det viktig for oss å engasjere oss i samfunnet me er ein del av, og har sidan oppstarten i 1982 vore ein aktiv medspelar til Sogndal Fotball, held Ness fram.

Det var meir hyggeleg å reisa heim med C-HR'en etter å ha vunne mot Molde 16. mai i 2017.
Det var meir hyggeleg å reisa heim med C-HR'en etter å ha vunne mot Molde 16. mai i 2017.

Dei siste åra har me nytta Toyota som klubb-bil i Sogndal Fotball. Stadig vekk kan ein sjå den på vegane rundt om i fylket og elles i landet, anten det er på oppdrag for Utviklings- eller Marknadsavdelinga, eller for å dekkja bortekampar for Media. Det blir nokre kilometer i året, og då er det viktig at me har ein driftssikker og trygg bil.

Les meir om Toyota Sogn her

- Eg er veldig glad for at me på media dei neste åra får nytta oss av ein bil frå Toyota, seier Rune Sjøberg, som på nyåret går inn i sin ellevte sesong i Mediaavdelinga i Sogndal Fotball.

I løpet av året blir det ein del timar bak rattet for Sjøberg. Den tyngste turen var heim frå Trondheim dagen etter nedrykket i 2017.

- Humøret var ikkje på topp då ein sette seg i bilen for å køyra 55 mil på eit skrekkeleg føre der underlaget mesteparten av turen var ein dårleg slush-blanding, men i Toyota C-HR’en kom me oss trygt heim, fortel Sjøberg.

Etter tre år med Toyota C-HR, var det med tungt hjarte at Sjøberg leverte i frå seg nøklane i mai i år.

- Ein blir jo glad i ein bil som i løpet av 60 000 kilometer aldri hadde eit snev av problem og som ein treivst bak rattet i, seier Sjøberg.

Den nye Toyota Corolla stod klar til innsats, og den har levert varene.

- Den nye Corollaen overraska særs positivt. Det er ein bil som er lett å håndtera i bytrafikk, stødig på lande- og motorveg, og morsom å ta seg over litt meir svingete fjellparti i. Og så er den veldig bensingjerrig, fortel Sjøberg og legg til at han er begeistra for dei sjølvladande hybrid-bilane til Toyota.
 

IMG_2041
Den Nye Toyota Corolla har levert varene

Toyota Sogn er ein del av ein stor bilaktør i fylket.

- Som del av ANI Gruppen i lag med Hertz og Bilhuset Førde er me veldig glade for å halde fram i eit nettverk med andre bedrifter som ynskjer å støtte opp om Sogndal, samt utvikla regionen vidare. Me ser fram til to kjekke nye år i lag med Sogndal Fotball, avsluttar Tor Arne Ness.

IMG_2049
Ut på tur i Toyota Corolla - her foran Bøyabreen i Fjærland

 

Annonse fra Obos-ligaen: