Nye draktsett frå Sparebanken Vest

Vår generalsponsor Sparebanken Vest deler ut fotball- og handballdrakter til idrettsglade barn på Vestlandet!

Kvart år går store delar av banken sitt overskot attende til prosjekt som gjer lokalsamfunnet til ein betre stad for dei som bur der. Tidlegare i vinter var det mogleg å søka om å få nye drakter for  fotball- og handballag her i regionen.

Denne veka var det stor stas på Kvåle Stadion i Sogndal då Jente12, Gute11 og Gute12 fekk utdelt nye draktsett av Ailin Wiborg, Mathias Grehl og Anne-Grete Flo frå Sparebanken Vest. Frå Sogndal FK Damer stilte Emma Sæbø, Henriette Aalen Vindheim og Kristine Krakhellen, og frå A-laget kom Endre Kupen, Jørgen Johnsen og Eirik Lereng og hjalp til med utdelinga.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: