
Nye landskampar for Steinset
Utteken til turnering i Portugal
Kristoffer Haukås Steinset er utteken til G18-landslaget si samling i Portugal i juni.
Der skal dei spela turnering med Australia, England og Portugal. Kampane går slik:
9. juni: Norge - England
11. juni: Norge – Portugal
13. juni: Norge - Australia
Les meir om G18-landslaget her
Toppspelarutviklar Patrik Karoliussen har eit ekstra auge med spelarane på U-landslaga og er både stolt og glad for at Kristoffer får fornya tillit på G18-landslaget.
- Det er utruleg stas at Kristoffer er teken ut til G18-samling i Portugal! Her blir det topp internasjonal referanse mot bl.a. Portugal og England! seier Patrik.