Nye sogningar på landslaget!

Hardt arbeid over tid løner seg, i dag fekk Mathias og Eirik litt av ein gladmelding

Det har vore landslagsuttak i dag, og sogndøl Mathias Sundberg og årdøl Eirik Lereng skal debutera med flagget på brystet i november!

Desse gutane har jobba hardt over lang tid, og det er veldig fortent at dei no får løn for jobbinga med eit slikt uttak.

Eirik skal på tur med G18-landslaget til prøve-EM i Nord-Irland. Pål Arne "Paco" Johansen har lenge hatt eit godt auge til årdølen.

- Eirik Lereng har hatt ein strålande sesong i Sogndal. På dei ni kampane han har starta i OBOS-ligaen har laget hans kun sluppet inn fem mål med Eirik på bana i midtforsvaret. Det er gode tall som me som jobbar rundt dette landslaget har lagt merke til, seier Paco til fotball.no 

Også Sivert Mannsverk er i troppen, slik at det vil vera to årdøler på G18-landslaget!

Eirik skal på tur med denne troppen:
Rasmus Sandberg - Rosenborg
Oliver Petersen - Molde
Leo Cornic - Bærum    
Runar Hauge - Bodø/Glimt
Sturla Ottesen - Kjelsås
Ole Martin Kolskogen - Åsane
Eirik Lereng - Sogndal
Josef Baccay - Lillestrøm
Fredrik Oppegård - PSV Eindoven
Kristoffer Askildsen - Stabæk
Sivert Mannsverk - Sogndal    
Joshua Kitolano - Odd
Mathias Kjølø - PSV Eindoven
Thomas Rekdal - Mainz 05
Edvard Tagseth - Rosenborg
Einar Iversen - Everton
Emil K. Ceide - Rosenborg
Kornelius Normann Hansen - Southampton
Noah Holm - RB Leipzig
Mustapha Fofana - Strømsgodset

Kampar: (norsk tid)
12/11: Nord-Irland – Norge, Mourneview Park kl. 18:30
15/11: Tyskland – Norge, Shamrock Park kl. 15:00
18/11: Norge – Portugal, Shamrock Park kl. 20:30

Mathias Sundberg har også vore i biletet ei stund, og no er det endeleg den høgreiste sogndølen sin tur for G17-landslaget. Han skal til Spania for å spela mot Tsjekkia, Russland og England.

- Eg såg at eg hadde fått mail på G-mailen min, og vart litt sjokka då eg såg at det var frå NFF, seier ein veldig glad Mathias.

- Det har alltid vore ein draum å få spela med flagget på brystet, dette er noko eg har jobba for lenge, seier ein smilande kar som er veldig tydeleg på at det er no jobben skal starta.

- Eg skal ned dit for å gi 100%, og vera heilt meg sjølv både på og utanfor bana. Eg gler meg utruleg mykje.

Mathias kjem som ny inn i denne gruppa, og han ser fram til å skapa nye relasjonar og læra nye ting.

- Frå før kjenner eg Thomas Hallstensen frå Florø og Sebastian Henriksen frå Viking, eg ser fram til å bli kjent med resten av gjengen, seier Mathias, som skal på tur til Spania med denne gjengen:

Frank Stople - FK Haugesund
Markus Vassøy Nilsen - Sandnes Ulf
Tobias Hafstad - Tromsø
Fredrik Carson Pedersen - Strømsgodset
David Wolfe - Brann
Mikkel Tveiten - Lyn
Nicolas P. Jenssen - Stabæk
Brage Skaret - Vålerenga
Kaloyan Kostadinov - Sandnes Ulf
Adan Abadala Hussein - Bodø/Glimt
Trygve Solberg Aarstad - Vålerenga
Herman Geelmuyden - Stabæk
Sebastian Tounekti - Tromsdalen
Martin Njøten Palumbo - Udinese
Emanuel Kulego - Rosenborg
Mads Fagerli Halsøy - Bodø/ Glimt
Thomas Hallstensen - Florø
Mathias Sundberg - Sogndal
Sebastian Henriksen - Viking
Mikail Maden - Brann

G17-landslaget skal delta i ein firenasjonars-turnering, slik går kampane med Mathias og kompani:
13/11: Norge - Tsjekkia , Pinatar Arena klokken 18.00
16/11: England - Norge, Pinatar Arena klokken 15.00
18/11: Russland Norge, Pinatar Arena klokken 18.00

Me er stolte over desse to flotte gutane, og ynskjer både Eirik og Mathias mykje lukke til! Stao pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: