Nye talent i bygda

Dei har flytta til Sogndal for å satsa på fotballen

Denne hausten har fleire talentfulle 16-åringar flytta til Sogndal for å utvikla seg som fotballspelarar og gå på skule.

Spelarane er del av Sogndal Fotball si satsing på eit G 16-lag som i haust skulle spele i ein nasjonal serie.

-  Eg ønskte komme inn i ein god treningskvardag. Her trenar eg saman med mange gode spelarar og har gode trenarar, seier Noah Solheim frå Dale. Han er inne i sin siste sesong på G 16-laget.

Inn i godt miljø
-  Eg flytta til Sogndal først og fremst på grunn av fotballen. Her er eg komen inn i eit godt miljø både med tanke på trening, skule og fritid, seier Erik Flataker frå Måløy.

Erik er ein lovande spiss. Også han er inne i sitt siste år som gutespelar.

Noah Solheim spelar inntil vidare for moderklubben, samstundes som han er del av Sogndal Fotball si satsing på eit lokalt topplag i G 16. Erik Flataker har meldt overgang til Sogndal Fotball.

Også Stian Heggelund frå Måløy har flytta til Sogndal for å satsa saman med G 16-laget, men han spelar denne hausten for moderklubben.

 

G-16 lagbilete
Her er satsingslaget som spelar for Sogndal Fotball på G 16 i år. Framme frå venstre Lars Grønningsæter (keepertrenar), Stian Heggelund (Måløy), Lidvin Hestetun (Årdal), Noah Heggestad (Veitastrond), Aksel Gåsvær (Gaular), Sondre Nord Midthjell (Eid), Daniel Sætren (Svelgen), Andreas Kalstad (Bjørn). Bak frå venstre Knut Ripe (fysisk trenar), Sander Kilen (Årdal) Enok Naustdal (Florø), Johannes Lødemel (Stryn), Martin Ylvisåker (Sogndal), Noah Solheim (Dale), Marius Årøy (Sogndal), Johan Bakke (Sogndal), Nathaniel Maristuen (Lærdal), Erik Flataker (Måløy) Knut Johan Almås (ass. trenar) og Nils Tore Krosshaug (hovudtrenar).

Pendlar til Campus
Nils Tore Krosshaug er hovudtrenar for G 16-laget. Han har ein bruttotropp med 18 av spelarar frå heile Sogn og Fjordane. Fleire av desse pendlar kvar tysdag frå stader som Florø, Eid og Stryn for å trena på Campus Fosshaugane.

Meininga var at dette topplaget av gutespelarar skulle bryna seg mot lag som Viking, Molde, Ålesund, Brann og Sandefjord – for å nemna nokre. På grunn av korona-pandemien ser det ut til at det stoppa etter kampar mot Brann og Åsane i haust.

Men treningane går for fullt på Campus og i Sognahallen utover hausten. Og Sogndal Fotball stiller mange av sine tilsette til rådvelde for dei unge talenta.

-  Vi prøver å rigga apparatet rundt dette laget så profesjonelt som mogleg. Spelarane skal vita at vi i Sogndal brukar det vi kan av ressursar for at dei skal få ein så god kvardag som råd er når dei er her, seier Nils Tore Krosshaug.

Difor har spelarane tilgjengeleg både keepertrenar og fysisk trenar i tillegg til hovudtrenar og ein assisterande trenar. Dessutan blir alle treningar og kampar filma. Dette blir brukt til individuell analyse.
 

NTK
Engasjert trenar: Nils Tore Krosshaug

Kampane viktigast
-  Ser du utvikling hjå spelarane?

- Det er viktig at me er tolmodige og jobbar godt over tid. Utvikling skjer gradvis, nokon raskare enn andre som er naturleg i denne alderen. Men kven som vil lukkast heile vegen er vanskeleg å spå. Det viktigaste er å få spele desse kampane. Dette skal vere ein utviklingsarena. Det å få målt seg mot andre gode spelarar er utruleg viktig, seier Nils Tore Krosshaug.

Nils Tore brukar Sogndal Fotball sitt gode G 19-lag frå 2018 som døme. Laget vann NM, og representerte Norge i europacupen Youth League i fjor. I dag har sju av spelarane frå dette laget kontrakt med A-laget til Sogndal Fotball.

Møter toppfotballkultur
Nils Tore Krosshaug seier det også er viktig for unge spelarar å få vera i korridorane til ein klubb som har ein toppidrettskultur som Sogndal Fotball har utvikla.

Kor talentfulle er så spelarane på G 16-laget? Nils Tore Krosshaug svarer dette:

- Alle har talent, og dei har ein draum og ein vilje til å leggja ned arbeidet som skal til for å lukkast. Så vil tida visa kor langt dei når, men me har samla spelarar med gode føresetnader.

Noah Solheim seier han merkar framgang etter at han vart ein del av toppsatsinga på G 16 i Sogndal.

-  Det er fantastisk kjekt å få trena med dei beste spelarane i Sogn og Fjordane. Her har eg gode trenarar, og eg får også møta eldre spelarar som gjer at eg lærer mykje, seier Noah.

Annonse fra Obos-ligaen: