Nytt liv i Seniorklubben

Sogndal Fotball sin Seniorklubb er no i gang igjen på Fosshaugane Campus.

Til kampen mot Lyn var aktiviteten tilbake og frammøtet var lovande, men det er framleis plass til fleire. På laurdag er det klart for ny samling med heimekamp mot Åsane kl. 16.00.

Sesongen har hatt ein tøff start, men ein god første omgang mot Strømsgodset gav lovande signal. No ser me fram mot kampen mot Åsane, og med god støtte frå tribunen.

Ein time før kampstart opnar dørene i Seniorklubben sitt gamle møtelokale i 2. etasje på Fosshaugane Campus. Programmet vil vere velkjent for mange: Jon er tilbake med sin populære retro om dagens motstandar, det blir tippekonkurranse, og me satsar på besøk av aktuelle gjester. Kaffi og vafler høyrer sjølvsagt med. 

40 minutt før avspark deler trenarane sine analysar av kampen. Desse skjer i det nye møtelokalet Skraol, like ved. Likevel vil det gamle møterommet vere basen til Seniorklubben både før kamp og i pausen. 

Medlemskap i Seniorklubben blir vidareført, og no gratis. Medlemmar får i tillegg tilbod om sesongkort til kr. 1000, noko som er eit svært godt tilbod. 

Seniorklubben ønskjer seg fleire medlemmar. Ta gjerne med ein gjest – ein nabo, ein slektning eller ein ven – og bli med på ein sosial og spennande kampdag saman med oss. 

Ved spørsmål ta kontakt med Knut Armand Iversen, [email protected] / 91172635. 

 

Annonse fra Obos-ligaen: