Nytt styre samrøystes valt i Sogndal Fotball
Under det ekstraordinære årsmøtet torsdag kveld vart heile innstillinga frå valkomiteen samrøystes vedteken. Det nye styret skal leie klubben fram til ordinært årsmøte i mars 2027.
Det nye styret består av:
• Egil Mundal, styreleiar
• Trine Lerum Hjellhaug, nestleiar
• Hilde Østbø, styremedlem
• Jan Tollefsen, styremedlem
• Marie Tefre Birkeland, styremedlem
Det vart eit kort og effektivt ekstraordinært årsmøte torsdag kveld. Leiar i valkomiteen, Rasmus Mo, presenterte innstillinga til nytt styre og trekte fram den breie kompetansen innan leiarskap, økonomi, organisasjonsarbeid, kommunikasjon og juss.
– Styreleiar og nestleiar er leiarar i store, konkurranseutsette bedrifter. Dei har brei kompetanse innan leiarskap og økonomisk styring, sa Rasmus Mo då han presenterte innstillinga.
– Målet er å byggje opp att tilliten, byggje opp att fundamentet og gradvis føre Sogndal Fotball tilbake til den posisjonen klubben fortener.
— Egil Mundal, styreleiar Sogndal Fotball
Han trekte også fram organisasjonskompetansen til Hilde Østbø, kommunikasjonserfaringa til Marie Tefre Birkeland og den juridiske kompetansen til Jan Tollefsen.
Årsmøtet slutta seg samrøystes til innstillinga.
– Vanskelig situasjon
Etter valet bad den nye styreleiaren, Egil Mundal, om ordet. Han opna med å takke for eit solid oppmøte på årsmøtet og engasjementet rundt onsdagens heimekamp mot Odd.
– Det var utruleg kjekt å sjå så mange på kamp i går. Eg trur eg har aldri sett Saftkokaradn så mange og så gode, sa Mundal.
Han la ikkje skjul på at det ventar ein krevjande jobb, men at han er veldig nøgd med styret han skal jobbe med fram mot årsmøtet i mars.
– Klubben er i ein svært vanskeleg situasjon, både sportsleg, økonomisk og omdømmemessig. Kompetanse og relasjonar er nøkkelen til å prestere. Me må samle kreftene og jobbe i same retning. Det blir ekstremt viktig for at me skal halde fram med å vere ein del av norsk toppfotball, sa Mundal.
På kort sikt er målet å sikre plassen i OBOS-ligaen. Fram mot årsmøtet i mars skal styret arbeide med ei ny strategisk retning for klubben.
– Me må byggje på det som har gjort Sogndal Fotball til ein respektert klubb i norsk fotball.

Byggje opp att
Mundal peika på at konkurransen i norsk fotball har vorte større, og at krava til klubbane har auka. Han understreka at verdiane til Sogndal Fotball må liggje til grunn for arbeidet framover.
– Verdiane må vere rettesnora vår. Både i vala me tek, og i korleis me møter folk.
Det nye styret skal også sjå på korleis klubben kan skape meir entusiasme og engasjement, og korleis Sogndal skal vera eit naturleg førsteval for dei største fotballtalenta i Sogn og Fjordane.
– Skal me få til dette, må me vere ein open klubb. Me må sjå oss sjølve i spegelen, lytte meir og invitere inn. Me må skape eit fellesskap. Det er mange som brukar fritida si på å bidra til klubben. Dei må kjenne eigarskap, sa Mundal.
Han avslutta med å løfte blikket mot framtida.
– Målet er å byggje opp att tilliten, byggje opp att fundamentet og gradvis føre Sogndal Fotball tilbake til den posisjonen klubben fortener. Men det får ta den tida det tek. Det er ikkje ein jobb for nokon åleine. Det er eit prosjekt for heile Sogn og Fjordane. Og ein vakker dag håpar eg me skal slå Brann her oppe, sa Mundal.
Det nye styret skal neste fredag og laurdag samlast for å få oversikt over situasjonen og starte arbeidet med prioriteringar og ein plan for tida framover.

Håper engasjementet held fram
Dagleg leiar Ingrid Narum takka det avtroppande styret for arbeidet og samarbeidet gjennom ein krevjande periode. Ho gratulerte også det nye styret og såg fram til å samarbeide om å utvikle klubben vidare.
Ho understreka behovet for å samle klubben om ei felles retning, samtidig som det sportslege fokuset no er å sikre plassen i OBOS-ligaen.
– Me må evne å gjere dei endringane som krevst, og ta til oss det me må bli betre på, sa Narum.
Med to nye heimekampar neste veke håpar ho at engasjementet frå tribunen held fram.
– Me er heilt avhengige av alle rundt klubben og bygda. Det var utruleg kjekt å sjå alle som møtte opp på kampen i går. Eg håpar me kan halde fram med den mobiliseringa resten av sesongen.
Årsmøtet vart avslutta med applaus til det avtroppande styret og lykkeønskingar til det nye.

