OBOS-ligaens runde 7

Me har heimekamp mot Åsane på søndag klokka 15:00

OBOS-ligaen er komen godt i gang. No står me framfor nok ein runde med mange spennande kampar.

Det gjekk ikkje vår veg sist. På Sørlandet fekk me køyrt oss mot Start, runde 6 fekk desse resultata:

Før runde 7 har me denne tabellen

Runde 7 tjuvstartar med ny kveldskamp på Brann Stadion i Bergen laurdag kveld klokka 20:00.
Brann - Fredrikstad er ein klassikar i norsk fotball. Denne gong skal to lag i form møtast, det ligg an til litt av eit lurveleven!

På søndag har me to kampar, begge med avspark klokka 15:00
Raufoss - Stabæk
Sogndal - Åsane

På Toten er dei nok sugne på å reisa kjerringa etter at det først vart stortap mot Kongsvinger før det gjekk gale i cupen mot lillebror Gjøvik-Lyn nokre dagar etter.

Våre karar reiste seg raskt etter nedturen i Kristiansand med ein flott siger i cupen medan Åsane rauk for Os og jaktar framleis sin første siger for året i serien. Det blir eit bikkjeslagsmål mellom to lag som kjenner kvarandre godt. Då me møtte Åsane til treningskamp i mars, vann me 1-0.

Resten av kampane går på måndag, alle med avspark klokka 18:00
Grorud - Bryne
Skeid - Stjørdals-Blink
Sandnes Ulf - Mjøndalen
Ranheim - Start
KFUM - Kongsvinger


Vil Grorud få sin første siger i årets OBOS-liga, eller har Bryne fått blod på tann etter at dei endeleg fekk tre poeng sist? Det er botnoppgjer i Oslo der både Skeid og Blink står utan siger så langt i år. Vil Mjøndalen ta sin sjette strake, eller vil Sandnes Ulf slå tilbake etter at dei møtte kvardagen etter sin flying start? Kan Start halda fram med makrellfotballen sin i Ranheimsfjæra, og vil nedturen til Kåffa halda fram?

OBOS-ligaen er aldri kjedeleg, me gler oss til runde 7!

Billett til kampen Sogndal - Åsane får du kjøpt her

Annonse fra Obos-ligaen: