Olav Stedje kjem på STOOKA-festivalen i kveld!

Mannen med den mest kjende røysta – og barten – i heile Sogn

Stao no pao superlag frao Sogndal , Da e ikkje noken som kan slao oss no, Stao no pao superlag frao Sogndal, Da e ingen andre som e lika god!

— Olav Stedje, Jan Inge Fardal

 Olav Stedje blir med Ylvis på scena under STOOKA-festivalen i kveld! Ylvis var skeptisk til å røyre den legendariske sangen – "Vi hadde eigentleg ikkje lyst å ta i den, men vi måtte jo det. Vi har laga ein moderne versjon" -Vegard Ylvisåker.

Ideen til å laga ein serie med låtar om Sogn kom då det dumpa inn ein førespurnad frå tekstforfattaren til supporterhiten «Stao no pao», Jan Inge Fardal.

– Han lurte på om vi kunne laga ein musikkvideo til den, men det er jo ein håplaus idé. Den songen er allereie «ferdig fet». Det blir jo som å røre «You'll Never Walk Alone», det ville blitt ein skandale, seier Bård til NRK

Det blei likevel ny versjon av den kjende og kjære STAO NO PAO songen, og den kan du høyre live i kveld på STOOKA-festivalen! 

BILLETT STOOKA FESTIVAL

WhatsApp Image 2023-09-09 at 10.04.03.jpeg
Bli med å syng Stao no pao i kveld under STOOKA-festivalen!

Me sjåast i kveld i Sognahallen, dette blir moro! STAO NO PAO!

Program STOOKA FESTIVAL laurdag:

► Kl 20.00: Dørene blir opna
► Kl 21.00: TYYL!
► Kl 22.15: EL PAPI
► Kl 23.30: YLVIS
► Kl 01.00: Slutt

BILLETT

Bilde 24.08.2023, 14 16 28 (2).jpg

Den store musikkturen Nashville, Memphis og New Orleans

Olav Stedje er klår for å følgje norske musikkturistar under Fotefar si reise til Nashville, Memphis og New Orleans i oktober 2023. Olav skal halde minikonsertar undervegs; han kjenner byane godt. Det blir rikeleg med country-musikk i Nashville, blues i Memphis og jazz i New Orleans – noko for alle elskarar av musikken frå over there. Både Grand Ole Opry, Elvis sitt hus, bluesklubbar på Beale Street og jazz i Bourbon Street står på programmet.

Gjennom heile turen skal Olav gje minikonsertar. Les meir på Fotefar Temareiser


Annonse fra Obos-ligaen: