Oliver er selt: – Tusen takk til alle i Sogndal
Oliver Hintsa (25) er klar for Dinamo Bucuresti. A-laget
Etter 27 mål på 75 kampar for Sogndal Fotball er Oliver Hintsa selt til rumenske Dinamo Bucuresti. 4–2-sigeren mot Egersund vart dermed spissen sin siste kamp i Sogndal-drakta.
– Tida i Sogndal har vore utruleg bra. Eg har trivst godt i bygda og i laget. Det er ein fantastisk klubb med gode fasilitetar som utviklar gode spelarar. Eg føler verkeleg at eg har utvikla meg som både person og fotballspelar. Tusen takk til alle i Sogndal, seier Oliver.
Oliver kom frå Falkenberg på nivå tre i Sverige i januar 2024. Etter overgangen til Sogndal har han markert seg som ein rask og målfarleg spiss.

Eventyr
I debutsesongen skåra han fem mål, før det verkeleg losna sesongen etter. Då enda han med 18 skåringar og vart toppskårar. I år enda han med fire mål og fem målgjevande pasningar for Sogndal.
No ventar storbylivet i Bucuresti, ein by med om lag 1,7 millionar innbyggjarar.
– Når folk har spurt meg kva eg vil med fotballen, har eg alltid svara at eg vil på eventyr. Sogndal har vore eit eventyr, og kontrasten til det som ventar no er stor. Det blir veldig spennande med eit nytt eventyr, seier Oliver, og legg til:
– Då denne sjansen kom, kjende eg at eg var klar for neste eventyr. Så eg ønskjer å seie tusen takk til klubben for at eg fekk lov til å ta denne moglegheita her.
– Strålende jobb
Spissen har vore ein viktig del av laget dei siste sesongane. Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk, seier:
– Oliver har gjort ein strålande jobb hos oss. Han er ein fin type og ein god målskårar. No fekk han moglegheita til å gå til Dinamo på ein permanent overgang, og det hadde han veldig lyst til. Han var på utgåande kontrakt, og då me fekk høve til å gjennomføre eit sal som gir klubben verdifulle inntekter, valde me å selje, seier Flo.
I sin siste kamp for Sogndal var Oliver sentral i utligninga til Sebastian Pedersen. Han droppa ned i mellomrommet, vende opp og slo eit presist innlegg bak forsvaret. Der kom Pedersen og sette inn 1–1. Dei to har utvikla eit godt samspel det siste halvanna året.
– Kven vil du sakne mest, Dag Martin eller Sebastian?
– Haha, det er eit vanskeleg spørsmål. Dag Martin gjorde kvardagen min mykje enklare her. Samstundes hadde eg veldig god kjemi med Sebastian. Eg kjem til å sakne begge, seier «Olli».

Afrikameisterskapen
Dinamo Bucuresti vart nummer fire i den rumenske toppdivisjonen førre sesong. Den nye sesongen startar alt om to veker.
– Det blir ein lang sesong, men og veldig kjekk. Ferien får me ta seinare, seier han.
Til hausten skal Oliver òg spele kvalifisering til Afrikameisterskapen med Eritrea. Der møter han eit kjent fjes. Eritrea er nemleg i gruppe saman med Kenya (Ronney Onyango), Sør-Afrika og Guinea. Han debuterte for Eritrea i vår, då landslaget starta opp att.
– Det var òg eit eventyr. Så kvifor ikkje? Det blir kjekt med kvalifisering, seier Hintsa.
Me ønskjer Oliver lukke til vidare i karrieren, og takkar for innsatsen i Sogndal Fotball!
Oliver Hintsa satte inn leiarmålet!
Martin Salbu
Martin Salbu
Erik Flataker og Oliver Hintsa jublar saman etter 4-0 scoringa mot Start.
Foto: Martin Salbu