Oliver Hintsa forlengjer kontrakten!

Toppscoraren har signert ein ny avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Sogndal Fotball og Oliver Hintsa er samde om ein ny avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

- Eg kjenner på ein tryggleik her i klubben, og eg føler meg ikkje ferdig her endå. Eg elskar å spele for klubben, eg elskar laget og eg elskar bygda. Eg er veldig glad for at det har løyst seg, for eg kjenner at eg høyrer heime her, fortalde Oliver etter at avtalen var signert.

Oliver har hatt ein fantastisk sesong og står med 7 mål og 6 målgivande pasningar på 13 kampar i OBOS-ligaen. Han scora også 3 mål på 3 kampar i NM 2025. I tillegg til å vere toppscorar har han også flest målgivande, og det er ingen tvil om at han har vore ein viktig spelar for oss. Svensken kom til Sogndal før fjoråret, men det var fyrst under Luis Pimenta det løysna skikkeleg:

- Det har vore fantastisk å spele under Luis. Spelestilen hans passar meg veldig bra, og det har fungert bra i år. Eg får mange sjansar, og kjenner meg delaktig i kampane. Eg er veldig glad for å ha han som trenar, og han er også eit bra menneske.

Oliver Hintsa jublar for scoring i heimekampen mot Raufoss
Vår nr. 9 har vore ein viktig spelar denne sesongen!

Ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo, fortel:

- Me har jobba med å signere Oliver over lengre tid, utan at me har kome heilt i mål. Då er det gledeleg å seie at me no har signert ein ny avtale med Oliver ut 2026. Oliver har vore ein viktig spelar i Luis sin tropp, og det har vore naturleg for oss å prøve å lande ein ny avtale. No er me veldig glade for at det er i boks, og at Oliver blir verande i Saftbygda.

- Eg gler meg til å bidra for laget igjen, og er veldig glad for at det løyste seg med ny kontrakt, avsluttar Oliver.

No gler me oss til kampstart mot Mjøndalen kl. 17:00, og håpar å sjå mange på bortefeltet. For dei som ikkje får sett kampen på stadion blir den sendt på TV2 Play eller Sogn Avis/Direktesport!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: