Opning av Kvåle att

Det er særs viktig at alle overheld reglane og ikkje overprøver retningslinene frå myndigheitene!

Kvåle stadion vert åpna att torsdag 2. april.

Grunnen til dette er at Folkehelseinstituttet har presisert reglane for fysisk aktivitet.

- Gjeldane reglar er at maks 5 personar kan trena i lag med 2 meter mellomrom mellom kvar person, seier dagleg leiar Rasmus Mo.

- Det skal ikkje headast og ein skal søka og ha reinast mogleg ball i spel. Det er særs viktig at alle overheld dette og ikkje overprøver retningslinene. Dersom det skjer, ser me oss nøydde til å stenga anlegget att, avsluttar Mo.

Les også sak frå NFF: Helsedirektoratet åpner opp for fotballaktivitet

Det er ellers viktig at alle fylgjer med i media for å vera oppdatert på eventuelle endringar i regelverket.

Annonse fra Obos-ligaen: