Oppdatering frå treningsleiren i Spania!

Strålande vær og flotte treningsforhold - her kjem ein oppdatering frå Spania!

Årets treningsleir er på Campoamor i Spania. Her bur me på eit flott hotell, Real Club de Golf Campoamor, og har flotte treningsfasilitetar på området. På hotellet serverar dei god mat fire gongar dagleg, og leverar god service. Rundt hotellet (øverst på biletet under) ligg det basseng, tennisbanar, padelbanar, golfbanar, styrkerom og innandørs svømmebasseng. Fotballbanane ligg på rekke og rad som vist på bilete 2. Det er gåavstand til alle fasilitetar, og spelarar og støtteapparat har alt dei treng for å leggje eit godt grunnlag før sesongen.

Det har vore ein treningsvillig gjeng som reiste nedover til Spania førre fredag. Til tross for tunge og lange treningsøkter har fleire lagt ned ekstra treningar på dei flotte forholda. Nydeleg vær og flott temperatur har gjort dagane i Spania flotte for heile gjengen. Under kan ein sjå bileter frå treningane. På sosiale medium kan ein sjå endå fleire bilete.

Etter treninga på dag 2 fekk me ein prat med hovudtrenar Tore André Flo. Han er nøgd med det flotte anlegget. På dag 3 gjennomførte karadn ei hardøkt, og etterpå fekk me ein prat med assistenttrenar Rune Bolseth.



På dag 4 i Spania var det tid for å bruke tid på styrkerommet. Heile troppen, fordelt på to grupper, gjennomførte ei god trening med varierte øvingar. I tillegg til fotballtreningane blir styrkerommet brukt jamnleg av alle.

Følg gjerne med i sosiale medium for daglege oppdateringar. I dag har Jacob Blixt Flaten styrt Instagram og tatt oss med på korleis dagen ser ut for spelarane.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: