Oppdatering på skadesituasjonen

Me har snakka med trenar Eirik Bakke

Me har vore utfordra med eit stort mannefall denne sesongen, der ei rekkje av karane våre er ute med skade i lang tid. På biletet over ser me Blårud, Kryger og Mansour, alle ute med skade.

Me fekk ein oppdatering på skadesituasjone av trenar Eirik Bakke i dag.

Mansour Gueye vart 28/6 operert i Bergen grunna ein kneskade. Operasjonen var vellukka. Forventa rehabiliteringstid er 4-5 månader.

Med i bilen til Bergen var Kristoffer Nessø, som fekk behandling for ankelskaden sin, han er ute i rundt åtte veker. Anders Nord slit også med ankel og er ute fram til haustsesongen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Axel Kryger fekk seg ein skikkeleg trøkk mot HamKam og har vore ute med hjerneristing. Axel er i gang att på feltet, men er tidlegast aktuell til mandagens kamp mot Strømmen. Då er det venta at Peter Michael óg er klar til dyst.

Mathias Blårud er tilbake i bygda! I dag var han så smått på feltet, men han må ta det veldig roleg i lang tid framover. Mathias fekk som kjent brok i kinnbeinet tidlegare i år, og har fått operert inn plater i fjeset. Naturlegvis må han ta det veldig roleg framover, og han er så smått i gang med roleg jogg på bana. Det vil ta tid før han får lov til å vera med og trena med ball.

 

Annonse fra Obos-ligaen: