Oppdaterte treningstider for Sogndal United!

Sogndal United held fram med faste samlingar, men får nye treningstider!

Sogndal United er eit lavterskel fotballtilbod for dei med psykisk og fysisk utviklingsnedsetting i Sogn og Fjordane. Dei har faste treningar i Sognahallen, og får no nye treningstider!

Ny treningstid er onsdagar klokka 19:00-20:00 (gjeld frå og med onsdag 6. mars)

Dei som har ansvaret for Sogndal United i 2024 er Marianne Raad Larsen og Endre Kupen. I tillegg vil det vera med to instruktørar frå Sogndal sitt damelag på treningane. Innimellom vil ein også få besøk av spelarar frå A-laget.

Sogndal United samlast kvar onsdag og gjennomfører varierte fotballøkter. Treningane blir lagt opp på ein måte som gjer at alle kan delta. Det er stort fokus på å ha det kjekt med fotballen, og det sosiale rundt ei slik samling. Her får ein verkeleg sjå engasjement, innsats og fotballglede!

Treningstidene framover blir onsdag klokka 19:00 - 20:00. Den fyrste treninga med nye treningstider er onsdag 6. mars, og alle treningane er i Sognahallen. 

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med anten Marianne Raad Larsen eller Endre Kupen. Om ein ikkje har vore med tidlegare, men kunne tenke seg å bli med, sender ein påmelding til [email protected]

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: