Oppsummering av året for utviklingsavdelinga!

Her ei ei oversikt over all aktiviteten til utviklingsavdelinga i 2024!

Utviklingsavdelinga har hatt eit innhaldsrikt år, og det er mykje aktivitet heilt frå dei yngste og opp til toppsatsinga. Her kjem ei oversikt som dekkjer store delar av aktiviteten som har vorte gjennomført i 2025! Me følgjer spelaren frå Sogndalsakademiet til NG14, NG15, NG17 og NG19 før dei tek steget opp til Sogndal 2 og seinare A-laget.

Les våroppsummeringa her!

Sogndalsakademiet

Sogndalsakademiet er eit treningstilbod for fotballspelarar mellom 6 og 12 år. I Sognahallen blir det arrangert 3 fotballtreningar i veka med variert innhald. Treningsopplegga følgjer Sogndal Fotball sin skuleringsplan, og ein har fokus på ulike element gjennom eit år. Ein har tilgang til eit eige utstyrsrom med mange moglegheiter for varierte og artige treningar.

OBOS-Camp gjeld også spelarar mellom 6 og 12 år. OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp som me har arrangert to gonger i år. Den fyrste vart arrangert i sommarferien, og den andre gjekk føre seg i haustferien. Her får dei unge spelarane ei veke med mykje aktivitet, fotballglede og kjekke opplevingar. I tillegg til fotballen har dei også fått diverse opplæring og refleksjonsoppgåver om utvalde tema som t.d. rasisme. 

Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Marianne Raad Larsen har vore ansvarlege for Sogndalsakademiet i 2024!
Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Marianne Raad Larsen har vore ansvarlege for Sogndalsakademiet i 2024!

Sogndal NG14

Sogndal NG14 har blitt trena av Endre Kupen og Kristian Ask. I haust har dei spelt seriekampar mot Åsane og Molde. Etter at alle laga hadde møtt kvarandre heime og borte stod Sogndal igjen som gruppevinnar. Trenar Endre Kupen fortel:

- I haust har me spelt i ei gruppe med berre 3 lag, Sogndal, Molde og Åsane. Bodø/Glimt skulle også vore med, men vart flytta til ei anna avdeling grunna reisekostnadar. Me har opplevd stor framgang i prestasjonane for laget i haust og spelarane har fått oppleve meistring. Det er kjekt å sjå at ein lærer og tek steg i dei ulike fasane av spelet. Heime vann me begge kampane 9-0 og 5-2, og så spelte me uavgjort borte mot Åsane og tapte knepent borte mot Molde.

Eliteturnering i Göteborg

To av laga våre har delteke på eliteturnering i Sverige. Gutar fødde i 2011 og 2010 (Sogndal NG14). IFK Göteborg Invitationals er ei turnering der nokre av dei beste laga i Norge, Sverige og Danmark møtest. Endre Kupen var med begge laga til Sverige og fortel om ei positiv oppleving:

- Det er ein veldig kul plass å kome til. Turneringa spelast i Serneke Arena, som er utviklingsavdelinga i Göteborg sin treningsarena. Det ligg 20 banar på utsida og ein stor hall med skianlegg under. 3-4 handballhallar og hotell over hallen. Det var ein veldig kul og kjekk tur sosialt for begge laga. Det er sjølvsagt ei viktig helg sportsleg, men også sosialt for å bli betre kjende og å dyrke relasjonane utanfor bana.

Sogndal NG14 er laget som Kupen har trent gjennom sesongen, og dei fekk mange gode referansar i løpet av turneringa:

- Me gjorde det veldig bra og vant fyrste kampen på fredag. Så fekk me ein skikkeleg leksjon og tapte 9-0 mot Göteborg, og det var nok bra for gutta å få kjenne på kor nivået ligg for å kunne ta det neste steget. Resten av kampane vann me. Sjølv om dei andre laga var fysisk overlegne spelte me rundt dei og fekk til "Sogndal-måten" å spele på. Det er kjekt å sjå at me får til dei tinga me jobbar med i kamp og at spelarane tek steg.

I tillegg til Sogndal NG14 (f. 2010) reiste Sogndal G2011 på den same turneringa. Dette er gjengen som til neste år kan bli ein del av NG14, og turneringane i år er ein gradvis overgang frå breiddefotball til toppsatsing. Endre Kupen fortel:

- G2011 gjorde det også veldig bra. Me vann 3 kampar og tapte 1 som kunne bikka begge vegar. Det vart ei veldig bra helg sportsleg og det var kult å sjå gutta i aksjon. Det er snakk om veldig unge fotballspelarar, men dei har stort potensiale og klarar seg godt mot internasjonal motstand.

NG14 på Eliteturnering i Sverige
NG14 på Eliteturnering i Sverige

Elitetiltak

Sogndal NG14 har også delteke på Elitetiltak i Norge. I haust reiste dei til Oslo for å spele mot dei beste laga i landet. Endre Kupen var med også her:

- Me reiste til Oslo med Sogndal NG14 og hospitantar. Der møtte me dei beste laga i landet og fekk teste nivået vårt skikkeleg. Dette er også viktige turar for å bli betre kjende og å lære seg korleis det er å vera på tur som fotballspelar. Det var ei veldig bra helg sjølv om resultata ikkje var dei beste denne turen.

Sogndal f. 2011 deltok på Elitetiltak i Sarpsborg og gjorde det veldig godt. Også dei møtte mostand på høgt nasjonalt nivå. Trenar Endre Kupen fortel:

- Me vant heile turneringa. Det var ei veldig sportsleg bra helg for laget og turneringa var godt lagt til rette. Me vann alle kampane og skulle møte Sarpsborg til finale på søndagen. Det var litt artig for i forkant av kampen gjekk det gjetord om kor gode Sogndal var, og at det ikkje blei enkelt å slå oss. Det vart ein kul kamp og det var ekstra kjekt at me køyrde over dei og vann.

Sogndal f. 2012 har også delteke på Elitetiltak, og etter sommaren reiste dei til Skien. Her var det Sogndal og hospitantar frå sone Sogn som reiste. Trenarane  Atle Undlien og Torgrim Hjelle Eltvik fortel:

- Dette er dei fyrste referansane desse spelarane får på nivået nasjonalt. Det er veldig nyttig for dei å kjenne på nivået og kva som krevst. Nivået på desse turneringane er mykje høgare enn det spelarane møter i den lokale serien. Det gjer at våre spelarar tek steg mykje raskare og klarar å heve nivået sitt.

Sogndal NG15

Sogndal NG15 hamna på 2. plass i si gruppe på våren og i haust har dei vore i gruppe med alle dei andre laga på 2. plass. Det betyr mange tøffe kampar og gode referansar på kor nivået ligg. Trenar Atle Undlien fortel:

- Me har spelt i ein veldig utfordrande avdeling og møtt tøff motstand. Me har fått utfordra oss og testa oss på spelarlogistikk og nivå i alle kampar. Det har vore ein veldig lærerik haust for dette laget.

Sogndal NG15 har felles treningar saman med NG17, men dei spelar kampar på ulike nivå: 

- Treningskvardagen har hatt eit bra nivå også i haust. Laget har faste økter måndag, onsdag og fredag i tillegg til "Campus Challenge" tidleg på tirsdagar og den nye "Campus Challenge 2".

Campus Challenge er eit allsidig styrketreningsprogram som er opparbeida for å gjere spelarane betre rusta fysisk. I haust har ein utvikla ein ny versjon som fungerer i tillegg til det opprinnelege programmet. Her har det vore mykje fokus på mobilitet og skadeforebyggande trening. Ein ønskjer alltid å ta nye steg og utviklar seg i tråd med erfaringar og kunnskap ein hentar inn nasjonalt og internasjonalt.

Sogndal NG15 jublar for scoring mot Sandefjord
Sogndal NG15 jublar for scorng i heimekampen mot Sandefjord

Sogndal NG17

Sogndal NG17 har også spelt i ei veldig tøff avdeling i 2024. Her møtte ein dei same laga både på våren og hausten, og laget har fått oppleve å vere mykje på tur. Sjølv om det vart mange tap har dei opplevd stor framgang gjennom sesongen. Trenar Torgrim Hjelle Eltvik fortel:

- Det har vore ei tøff avdeling, og me har fått bryne oss skikkeleg fysisk. Det har vore eit ungt lag, og dei fleste me har møtt har hatt ein snittalder på 1 år eldre enn oss. Me ser allikevel at spelarane har tatt store steg og at dei har jobba bra i heile år. Spelarane har også vore veldig flinke på å ta ansvar for si eiga utvikling.

Mange av dei fremste spelarane i klubben som kunne spelt for Sogndal NG17 spelar eller trenar på eit høgare aldersnivå. Eit godt eksempel på det er at Sander Aske Granheim som 17-åring vart kåra til årets spelar for Sogndal 2 og har hatt store delar av hausten på trening med A-laget. Det fører til at relasjonar i kamp blir meir utfordrande, men det gir også sjansen for at dei yngre tek store steg og får referansar tidlegare.

Trenarteamet til Sogndal NG17
Trenarteamet for NG15 og NG17 i årets sesong. F.v. keepertrenar Martin Selle og trenarane Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Atle Undlien

Keepersatsing

Eit viktig område utviklingsavdelinga har tatt steg på er keeperrolla. Martin Selle byrja som student på Høgskulen i fjor haust og vart fyrst ein del av Sogndalsakademiet. I vår vart han tatt med i trenarteamet til NG15 som keepertrenar og seinare fekk han også ei rolle for NG17. I sommar tok han steget opp og vart keepertrenar for Sogndal 2 med ansvar for heile keepersatsinga i utviklingsavdelinga.

- No har eg ansvar for alle keeperane i utviklingsavdelinga. Hovudfokuset blir å vera med Sogndal 2, men eg held minimum ei keepertrening i veka for alle i utviklingsavdelinga frå NG14 til NG19 og Sogndal 2.

Selle har fått ansvaret for å utarbeide ein skuleringsplan for keeperutviklinga i klubben:

- For ei tid tilbake fekk eg i oppgåve å lage skuleringsplan for keeperar mellom 6 og 19 år i Sogndal Fotball. Skuleringsplanen er eit dokument som fungerer som ein rettleiar i treninga til keeperane i klubben. Den fortel trenarar og spelarar kva ein skal trene på og gjer eksempel på gode øvingar og treningsøkter tilpassa alder og nivå. Skuleringsplanen skal også innehalde video som ein hjelp til å gjennomføre gode keeperøvingar. Arbeidet med planen er godt i gang og den skal vere klar i løpet av neste år.

Me håpar at målretta arbeid frå yngre alder skal legge betre til rette for dei unge som ønskjer å bli keeper. Dette sikrar eit betre tilbod til alle våre unge fotballspelarar, og gjer det enklare for trenarane i både breiddefotballen og toppsatsinga å legge til rette for keepertrening.

Keepertrenar Martin Selle smiler før Sogndal G19 sin kamp mot Molde i NM 2024
Martin Selle er keepertrenar i utviklingsavdelinga

NG19/Sogndal 2

Sogndal NG19 og Sogndal 2 består av den same gjengen og er trena av Patrik Karoliussen med støtteapparat. Dei har spelt i Kretsligaen i 2024 og delteke i nasjonal serie og NM G19. I Kretsligaen enda dei på 2. plass bak Fjøra. Opprykk var naturlegvis det store målet, men i siste seriekamp vart Fjøra for sterke og avgjorde til sin fordel. I NM G19 kom ein fram til kvartfinalen etter å ha slått ut lag som Hødd, Hallingdal og Molde, men borte mot Brann vart nivåskilnaden for stor og seinare gjekk Brann heilt til finalen og tok NM gull. Ein sterk prestasjon var det uansett å kome til kvartfinalen.

I den nasjonale serien har dei i haust spelt i B-sluttspelet. Klubbar som Bodø/Glimt og Rosenborg vart slått på veg mot finalen, og mot Vålerenga i Oslo vart det ein overlegen finalesiger. Kaptein Marius Årøy kunne løfte pokalen og sesongen vart avslutta med ein opptur. Neste sesong er det igjen klart for Kretsligaen, NM og nasjonal serie!


Samarbeid med Høgskulen

Utviklingsavdelinga har eit godt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er ein arena for unge lovande trenarar. Både Atle Undlien og Torgrim Hjelle Eltvik frå tidlegare i saka er eksempel på studentar som har jobba seg oppover frå akademiet som student til jobb i utviklingsavdelinga. Elias Østensen er ein av studentane som har kome no i haust. Han fortel at dette gir han nyttige erfaringar og at han har blitt godt tatt i mot av resten av gjengen:

- Det er veldig fint å kunne kombinere å vere student med å ha ein trenarjobb i utviklingsavdelinga. Eg føler at eg har blitt tatt i mot med opne armar, og at dei som er her ønskjer meg velkomen og har interesse av at eg skal utvikle meg. Eg trivst veldig godt.

Også keepertrenar Martin Selle er student, og har vore her eit år lenger enn Østensen. Som nemnd over har han fått ansvaret for å forme ein heilt ny skuleringsplan for keeperar, og bidreg til å legge føringar for keepersatsinga til klubben. Han fortel at han har opplevd stor utvikling det siste året.

- Det er veldig kjekt å få ansvar og rom til å forme ting sjølv. Eg har fått mange nye erfaringar det siste året, og eg føler at utviklingsavdelinga har hjelpt meg til å bli ein betre trenar. 

Oppsummering frå Fykse

Utviklingsansvarleg Erling Ola Fykse har hatt sitt siste år som sjef for utviklingsavdelinga, og oppsummerer året slik:

- Laga våre har konkurrert på elitetiltak, i nasjonale seriar og mot nordisk motstand i internasjonale turneringar. Me har spelarar som har spelt kampar for landslag, og me har spelarar som har gått utviklingsløpet og slått seg inn i A-lagstroppen og B-lista. Me har fått testa vår måte å trene på, og vår måte å spele fotball på mot veldig gode referansar.

Utviklingsavdelinga vår har aldri levert betre resultat. I akademiklassifiseringa får klubbane i Norsk Toppfotball (NTF) poeng basert på ulike kriterium som gir ein peikepinn på arbeidet ein gjer. Kriteria er fordelt over 11 ulike kategoriar og handlar til dømes om korleis klubben er organisert, spelarlogistikk, kompetanse i klubb, fasilitetar, kamparena, samarbeid med skule osv. Utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball blir vurdert til å ha 3 stjerner og har i 2024 levert ny rekord i antall poeng i klassifiseringa. 

- Me har aldri vore så sterke på utviklingsarbeidet i Sogndal Fotball som akkurat no. Det trur eg det er kjekt for alle trenarane å ha med seg i det vidare arbeidet. Dette er handfaste resultat som viser at det blir gjort eit godt arbeid. Sasinga på unge spelarar gir resultat og det ser me også når fleire unge lokale spelarar slår seg inn på A-laget.

Fykse ønskjer også å heidre alle som har bidrege i årets sesong: 

- Trenarar, lagleiarar, frivillige og heile apparatet rundt laga har lagt ned ein enormt stor innsats. Det har vore kjekt å vere ein del av gjengen som har lagt til rette for spelarutvikling og skapt ein god haust for utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball. Me har trenarar som er tilsett, tilsett på deltid og trenarar som bidreg via studiar på Høgskulen. Eg let meg imponere av menneska som får ting til å skje i klubben. All ære til gjengen!

Sogndal Fotball vil avslutningsvis rette ein stor takk til alle samarbeidsklubbane våre. Me set stor pris på det gode arbeidet som blir gjort i klubbane i fylket, og at me får nytte hospitantar på våre lag. Det er mange frivillige som gjer ein flott innsats og er flinke til å koordinere saman med oss. Tusen takk!

Utviklingsavdelinga ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: