
Óskar Borgþórsson til Vikingur
Sogndal Fotball og Víkingur er samde om ein overgang for Óskar Borgþórsson A-laget
Sogndal Fotball og Víkingur er samde om ein overgang for Óskar Borgþórsson, f. 15. juli 2003. Midtbanespelaren reiser heim til Island når overgangsvindauget opnar.
- Tida mi i Sogndal har vore veldig gøy! Eg har møtt mange deilige folk som har hjulpe meg mykje og folk som har blitt vennar for livet. Eg likte Sogndal veldig godt, og det er ei hyggeleg bygd med masse bra folk. Eg kjem til og sakne Sogndal masse, og ønskjer Sogndal Fotball lykke til vidare! Eg håpar me rykker opp! fortalde Óskar etter at overgangen var i boks.
Óskar kom til oss i august 2023 frå den islandske klubben Fylkir. 19-åringen fekk raskt vist seg fram for sitt nye publikum og scora allereie i den fyrste heimekampen for klubben. Hausten 2023 brukte han på å bli kjend med ein ny plass og ein ny liga, før 2024 skulle bli året han verkeleg slo igjennom. Diverre enda det med skulderskade i treningskampen mot Bjarg og over eit halvt år på sidelinja. Tida etterpå vart prega av opptrening, og på hausten kom han også med i troppen til Island sitt U21-landslag.
Under Luis Pimenta har det blitt mindre speletid med ny rolle og stor konkurranse i troppen. Óskar reiser difor vidare til Vikingur på Island for å få meir speletid og ein restart av fotballkarriera.
Óskar er ein gut me har blitt veldig glade i, og han har verkeleg vore ein stor bidragsytar til både spelargruppa og klubben. Med sitt gode humør og store smil har han vore ein fin ambassadør for klubben. I løpet av tida her lærte han seg også norsk, og sjølv om den ikkje var perfekt, imponerte han blant anna i Sofapraten med Gisle.
Ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo, fortel
- Det har vore pågåande interesse frå Island og Vikingur inn mot Óskar over tid no, og sett i lys av spelaren sitt ønske og mindre speletid hjå oss, har me no vald å innfri ein overgang tilbake til Island. Me vil sakne Óskar som ein del av vår flotte gruppe, men samtidig no ønskje han masse lukke til vidare med Vikingur og spel i Europa.
Me ønskjer Óskar masse lukke til på Island og takkar han for ei fin tid i Sogndal!
STAO NO PAO!