
Overbevisande siger mot Aalesund!
Dagens treningskamp enda med ein overbevisande siger mot Aalesund A-laget
Det var klart for ein god test på Color Line Stadiol i dag. Kampen byrja jamnspelt mellom to lag som var angrepsvillige. Heimelaget tok fyrst føringa i fyrsteomgang, men i andreomgang var det ingen tvil og karadn snudde til siger!
Fyrsteomgang var prega av to lag som ønska å angripe, men dei heilt store sjansane lot vente på seg. Fyrst etter 14 minutt kom vår fyrste sjanse når Erik Flataker og Oliver Hintsa kombinerte på ei kontring. Avslutninga vart blokkert, og heimelaget fekk rydda unna. Istaden var det Aalesund som skulle ta leiinga før det var spelt 30 minutt. Ein ball i bakrom førte til duell mellom Jendal og Aafk sin angripar. Ballen trilla vidare og heimelaget fekk ei enkel oppgåve med å sette ballen i mål. Det stod 1-0 til pause.
I andreomgang fekk karadn overtaket og pressa på for utlikning. Allereie i det 50. minutt kom scoringa etter eit flott innlegg frå venstreback Martin Sjølstad. Vår svenske spiss, Oliver Hintsa, var på rett plass i feltet og stanga inn ei fortent scoring. Dette var Hintsa si tredje scoring til no i oppkøyringa.
Utover omgangen auka trykket, og ein hadde god kontroll bakover. Både Joakim Nundal og Emmanuel Mensah kom inn på topp, og begge skulle bli avgjerande. Det høge presset skapte problem for heimelaget og i det 74. minuttet kom den avgjerande scoringa. Emmanuel Mensah la inn frå venstre og fann Joakim Nundal i boksen. Årdølen kriga seg fram i duellen og stanga inn 1-2! Det vart også sluttresultatet i dagens kamp!
Alt i alt var dette ein meget overbevisande siger mot ein av laga som er spådd å vere i toppen av OBOS-ligaen 2025. Det er framleis mykje å jobbe med inn mot seriestarten 31. mars, men karadn er i rute! Det gjenstår 3 treningskampar før me møter Start i OBOS-ligaen, og på laurdag er et Stabæk i Valdres Storhall som står på programmet.
STAO NO PAO!