Øygarden - Sogndal

Ågotnes Stadion - Avspark klokka 18:00

Me er allereie framme ved den 17. runden av OBOS-ligaen 2020!

Slik går dagens kampar (Jerv - Ull/Kisa er utsatt)

I dag står me foran litt av ein test for det unge og talentfulle mannskapet til Eirik Bakke og kompani, då Øygarden på Ågotnes ier ein tøff motstandar.

Det er berre å sjå på dei tre siste heimekampane til Øygarden for å skjøna at i dag må karane på med både arbeidshanskar, hjelm og vernesko:
Øygarden - Jerv 1-0
Øygarden - Lillestrøm 0-0
Øygarden - KFUM 3-1

Karane våre er i form, og klarte å snu det å ligga under 0-2 til ein sterk 3-2 siger på me møtte Stjørdals-Blink på måndag.

Slik gjekk det i runde 16

Det er mange gode poeng i dagens kamp... Mons Ivar Mjelde er ny trenar i Øygarden, og ein kar me kjenner godt frå før, han har jo tross alt spelt i Kvitedrakta. Mål-Mons var óg trenaren til vår trenar då han og Eirik tok gullet hem til Bergen. Og han har allereie prenta inn i spelargruppa si: Gi alt - og litt til! 



Tommy Øren snakka med trenar Bakke etter treninga i går

Me har Renze Fij og to blad Andreas (Hoven og Van der Spa) med til Ågotnes, alle med fortid der ute i havgapet. Og dei har ein høgreist amerikanar som er med på vårt lagbilde for året. Stefan Antonijevic rakk å vera med på bildet rett før han reiste. Ikkje minst har dei ein sogndøl som venstreback, som i tillegg heiter Flo! Det blir kjekt å sjå både Mons Ivar, Stefan og Fredrik i dag!
Sjå intervj før kampen med Renze Fij  her og Tomas Totland her

Slik gjekk det sist då me møtte Øygarden for nokre veker sidan.


Me e' med! Karane våre vil opp og fram - og me skal gjera alt for at me kan putta tre poeng i bagasjerommet på bussen til Sveinung før me reiser heimatt i kveld! Før kveldens kampar har me denne tabellen
 

17. runde i OBOS-ligaen 2020

Øygarden - Sogndal
Ågotnes Stadion
Avspark klokka 18:00
Stao no pao!!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: