Påmelding open: Bli med på Sogndalsakademiet

– Målet vårt er å skape eit utviklingsmiljø der kvalitet, tryggleik og speleglede står i sentrum, seier akademileiar Adrian Gjengår.

Sogndalsakademiet er eit fritidstilbod for barn og unge mellom 6 og 12 år. Me har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) og ein tydeleg sportsleg modell.

Akademiet hadde ein sterk start på året med rekordhøg aktivitet. I vår var over 100 barn med.

– At me no har over 100 spelarar med på trening, viser at tilbodet fungerer. Ungane trivst, og det er det viktigaste for oss, seier Gjengår.

Påmeldinga for hausten 2026 er open: Gå til påmelding her

Med ein god struktur, bra kvalitet i kvar einaste økt og ei sterk satsing på heilskapleg utvikling, inviterer me til ein god læringsarena der me set mennesket og spelaren i sentrum.

Vår felles visjon er klokkeklar: «Eit akademi som utviklar glade, kreative og intelligente spelarar – gjennom leik, læring og kvalitet i alt me gjer.»

Slik er ei treningsøkt

Kvar einaste økt på Sogndalakademiet følgjer ein fast, progressiv struktur utvikla for å maksimera talet på ballberøringar, intensitet og læringsutbytte.
Halvparten av treningstida er dedikert til spelsituasjonar, noko som sikrar optimal overføringsverdi til kamp.

  1. Oppvarming (10 min)
    Aktivering og høg frekvens: Kvar spelar har eigen ball. Høg frekvens på føring, vendingar og små finter i konstant rørsle
  2. Deløving 1 (15 min)
    Teknisk hovudtema og terping: Målretta arbeid i smågrupper med fokus på dagens tema
  3. Deløving 2 (15 min)
    Taktisk progresjon: Vidareføring av tema med gradvis motstand, retning og krav til raske val
  4. Speløving (30 min)
    Smålagsspel (3v3 / 4v4) for maksimal involvering og høgt tempo
  5. Evaluering (5 min)
    Kort oppsummering med refleksjon

Adrian Gjengår, ansvarleg for Sogndalsakademiet
Adrian Gjengår, ansvarleg for Sogndalsakademiet

Ferdigheit som fundament

Ballmeistring er sjølve grunnmuren i alt me gjer, heilt frå første økt. Me fokuserer på det som gjer spelarane gode med ball: eit reint første touch, kvikke vendingar, bruk av begge føter og mot til å utfordra 1 mot 1.

Gjennom spelnære øvingar koplar me hovud og føter saman, slik at spelarane lærer å tenkja sjølve og ta smarte val under press.

Arena også for trenarar

Akademiet er ikkje berre ein stad for spelarutvikling, men også ein inngangsport for unge trenarar som ønskjer erfaring og fagleg utvikling.

Gjennom tett oppfølging og praksis i felt får trenarspirer moglegheit til å utvikle seg innanfor Sogndal Fotball sitt system.

Spelaren me ønskjer å utvikla

På akademiet jobbar me målretta etter ein tydeleg spelarprofil. Me utviklar spelarar som:
•⁠ ⁠Er teknisk trygge under press: Spelaren meistrar ballen med begge føter – mottak, føring og pasning held høg kvalitet sjølv under høgt tempo og tøff motstand.
•⁠ ⁠Ser spelet før ballen kjem: Spelaren orienterer seg, les rom og motstandar, og har valet klart før første touch.
•⁠ ⁠Er modige og kreative med ball: Spelaren har mot til å utfordra 1 mot 1, ta kalkulert risiko og ta ansvar i vanskelege situasjonar.
•⁠ ⁠Tek gode val i samhandling: Spelaren vel rett pasningsvekt til rett tid, skapar vinklar for medspelarar og gjer laget betre.

Gjengår meiner arbeidet dei la ned i 2025 no byrjar å gi resultat.

– Det er kjekt å sjå korleis miljøet har vakse. Energien på trening er smittande, og me opplever at me er på rett veg. Ambisjonen er å utvikle glade, kreative og intelligente spelarar som trivst både på og utanfor bana, seier han.

Praktisk informasjon og timeplan

Prisen dekkjer éi kvalitetsøkt i veka gjennom heile haustsesongen.

Måndag 15:00–16:15
Fødd 2016, 2017, 2018

Tysdag 15:00–16:15
Fødd 2014, 2015

Torsdag 15:00–16:15
Fødd 2019, 2020

Torsdag 15:00–16:00 (keeperskule)
Fødd 2013–2017

Laurdag 09:00–10:00 (miniakademi)
Fødd 2021

Prisar (inkl. utstyr)
• Akademi: 1800 kr
• Miniakademi: 900 kr
• Keeperskule: 1000 kr

Søskenrabatt: Me tilbyr 20 % refusjon på barn nummer to. Meld på som vanleg, og send namn og kontonummer til [email protected] for refusjon.

Keeperskule
Sogndalakademiet tilbyr eige opplegg for keeperar. Det er mogleg å vera med både som utespelar og keeper.

Kontakt keeperansvarleg Martin Selle:
E-post: [email protected]
Telefon: 957 47 319

For spørsmål om akademiet, kontakt Adrian Gjengår:
E-post: [email protected]
Telefon: 468 59 222

 

Annonse fra Obos-ligaen: