Påmelding til OBOS Camp i haustferien

Påmeldinga til OBOS Camp i haustferien er i gang!

I veke 41 er det klart for ei ny veke med OBOS Camp. No er påmeldinga opna, og ein kan velje mellom å delta på 3 eller 5 dagar.

Gå til påmelding her!

OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp for barn og unge i aldersgruppa 6-12 år. Her vil det vera fokus på positive fotballopplevingar, heilheitleg utvikling og samhandling i fokus.

I veke 41 vil Sogndal Fotball arrangere OBOS Camp over fem dagar. Ein kan også velgje 3 dagar. Her vil Sogndal stille med flinke instruktørar og øvingane som skal gjennomførast under campen er skreddarsydd av NTF (Norsk Toppfotball).

Det blir gratis lunsj alle dagane, og deltakarne vil få utdelt bukse og half-zip genser og ball levert av OBOS!

Ein typisk dag på OBOS Camp består av to fotballøkter på feltet, samt matpause. Kvar dag har eit eige sportsleg tema som øktene tar utgangspunkt i. Fotballøkta før lunsj har fokus på trening og deløvingar rundt dagens tema, medan fotballøkta etter lunsj består av ulike kampformar knytta til same tema.

OBOS Camp Sogndal blir arrangert i Sognahallen 7. - 11. oktober i Sognahallen.

Jenter/gutar: 6-12 år

Oppmøte: Frå kl. 09:00

Camp: kl. 10:00 - 14:00 inkl. lunsj.

Gå til påmelding her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: