
Påmelding til OBOS-Camp Vinterferie 2025!
No kan ein melde seg på OBOS-Camp!
I vinterferien er det klart for ein ny OBOS-Camp i Sogndal! OBOS-Camp er ein fotballskule for jenter/gutar 6-12 år. Campen blir gjennomført i Sognahallen måndag-fredag i veke 8 (17.-21. februar)
Kva er OBOS-Camp?
OBOS-Camp er en nasjonal fotballcamp for barn og unge i aldersgruppa 6-12 år. Her vil det vera fokus på positive fotballopplevingar, heilheitleg utvikling og samhandling i fokus.
I veke 8 vil Sogndal Fotball arrangere OBOS-Camp over fem dagar. Ein kan også velje 3 dagar. Her vil Sogndal stille med flinke instruktørar og øvingane som skal gjennomførast under campen er skreddarsydd av NTF (Norsk Toppfotball).
Det blir gratis lunsj alle dagane, og deltakarne vil få utdelt bukse og half-zip genser og ball levert av OBOS! Alle må vera bevisst på kva storleik som blir bestilt til sitt barn, då dette er noko me må bestille på førehand.
Ein typisk dag på OBOS-Camp består av to fotballøkter på feltet, med matpause midt på dagen. Kvar dag har eit eige sportsleg tema som øktene tar utgangspunkt i. Fotballøkta før lunsj har fokus på trening og deløvingar rundt dagens tema, mens fotballøkta etter lunsj består av ulike kampformer knytt til same tema.
OBOS-Camp Sogndal blir arrangert i Sognahallen 17-21 februar i Sognahallen.
- Jenter/gutar: 6-12 år
- Oppmøte: Frå kl. 08:00 på innsjekksdagen og kl. 08:30 resten av veka
- Camp: 09:00-13.00 inkl. lunsj.
OBOS-medlem?
I år får alle OBOS-medlemmar rabatt på påmeldingsavgifta. Om du er medlem og ønskjer å melde på ditt barn kan du sende mail til Anton Sekkingstad. Han vil sende over ein promokode for påmeldinga! Kontaktinfo finn du nederst i saka.
STAO NO PAO!
-
Anton SekkingstadOBOS Camp ansvarleg