Påmelding TINE FOTBALLSKULE

Fotballskule for jenter og gutar fødde 2010 - 2016, 20. - 23. juni

I veka etter skuleslutt (veke 25) arrangerer Sogndal Fotball, i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2010-2016.

Det vert aktivitet frå mandag til torsdag i tidsrommet 10:00 -14:00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 850,-. Inkludert i prisen er Tine-sekk, t-skjorte og Umbro-ball. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling på Kvåle Stadion.

Fotballskuleveka startar mandag med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09:00 i Sognahallen. Tysdag til torsdag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09:45. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14:00 i Sognahallen. 

Det er 130 plasser tilgjengeleg og for påmelding trykkar du her

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar Sogndal 2 og guttelaget. Me skal læra mykje, men først og fremst skal me ha det frykteleg moro saman. 

Søskenrabatt: - 20% på barn nr 2

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: