Pangstart!

Karane slo til og vann 4-1 i sesongpremieren!

Det vart ein solid 4-1 siger mot Åsane i dagens opningskamp av OBOS-ligaen 2020!

Det var to lag som følte kvarandre litt på tenna i starten av kampen, men etter fem minutt festa karane våre eit lite press, og berre minuttet etter knalla Endre Kupen eit skot i tverra for å visa kva som budde i han. Det var eit skremmeskot med alvor bak, for i det 7. minuttet stod det 0-1 på måltavla på Myrdal Stadion.

Daniel Eid har kast av den lange sorten, og no kasta han hardt inn i feltet, flott stuss vidare av Igoh, og der dukka Kupen opp med ei ekte målsnik.skåring. Me var i gang!

Me heldt trykket ei lita stund, deretter vart det meir og meir Åsane, og etter snaue halvtimen spelt stod det 1-1 i Bergen. Heimelaget hadde initiativet i resten av omgangen, våre gutar virka litt frustrert og var ikkje nøgde då det gjekk inn til pausepraten.

Les også: Debutant Kupen om korleis Sogndal snudde kampen: – Det skal vera litt fyrings i garderoben

Etter pause var det klar tale fra gjengen i heilkvitt. Tomas Kristoffersen kom inn og piska rundt på midten. Etter 54 minutt slo Tomas ein særs strøken corner, og i feltet raga Badou over alle og stanga resolutt kula i nettet. 

Og meir skulle det bli.

Fire minutt seinare varta kaptein Mannsverk opp med ein langpasning me gjerne kan skriva heim om, Daniel Eid hadde løpt seg fri og han banka ballen i nettet til 3-1.

Ti minutt etter dette var det Andreas Hoven sin tur. Daniel vann ballen, slo kort til Badou som fann Kupen med ein flott pasning. Endre spelte lekkert fri Hoven, og Konnerud-guten satte inn 4-1 med følsom venstrefot. Strålande kontring!

Me kunne auka i målprotokollen, då karane viste for alle kva som bur i dei etter kvilen. Men det vart 1-4 på måltavla, og tre poeng med bussen heimatt. God start på årets OBOS-liga for Bakke og kompani!

Les om kampen i Sogn Avis




Fyldig kampreferat kan du lesa på Firdaliven

 

Annonse fra Obos-ligaen: