Per-Egil Flo legg fotballskoa på hylla

Kapteinen vår har bestemt seg for å legge opp etter sesongen

Per-Egil Flo vart Sogndalspelar i 2006, og står førebels med 309 offisielle kampar for Sogndal Fotball. Etter den fyrste perioden i klubben har han vunne både seriegull og cupgull nasjonalt og vore utenlandsproff i Tjekkia og Sveits. I 2021 kom han heim, og etter 5 sesongar har han no bestemt seg for å legge fotballskoa på hylla.

Per-Egil kom til klubben frå Stryn i 2006, og debuten kom allereie i ein treningskamp mot Voss i januar det året. Fyrste offisielle kamp kom i den fyrste runden av Adecco-ligaen 2006 i bortemøtet mot Pors. Marco Reda og Børre Steenslid vart utvist, og Sogndal tapte 3-1. Ein tøff start på karriera i Sogndal, men den unge stryningen skulle allikevel få ei fin tid i Saftbygda. I 2010 var han sentral i opprykket til Tippeligaen, og i opprykkskampen mot Fredrikstad scora han eit viktig mål. Seinare vart han kaptein, og fekk leie Sogndal med kapteinsbindet på armen i Tippeligaen. I 2012 vart han seld til Molde og fortsatte karriera i rosenes by.

I Molde var han ein del av det som var landets beste lag, og han har vore med på å vunne Tippeligaen og 2 NM-gull. I 2014 gjorde dei reint bord og stakk av med både ligagullet og cupgullet. Etter tida i Molde var det Slavia Praha og Tjekkia som venta. Også her fekk han vere med på å vinne både ligagull og cupgull på det øvste nivået. Vidare gjekk turen til Sveits og klubben Lausanne, der han spelte fram til 2021. Då var det på tide å kome heim til Saftbygda.

Dei siste 5 sesongane har det vore OBOS-ligaen under Eirik Bakke, Tore André Flo, Morten Kalvenes og seinast Luis Pimenta. Per-Egil har også gått frå å vere ein venstreback med mykje offensive bidrag til å bli ein trygg og rutinert midtstoppar. Dei siste sesongane har kroppen skapt utfordringar, og det har blitt meir tid i gymmen enn på treningsfeltet. Allikevel har han stått fram som ein viktig leiar både i garderoben og i tøffe kampar i OBOS-ligaen. No har valet enda på å legge fotballskoa på hylla, og ein fantastisk karriere endar etter morgondagens kamp mot Ranheim. Me håpar å sjå dykk på Fosshaugadn for å hylle han ein siste gong.

Me har tatt ein liten prat med kapteinen vår om karriera, valet om å legge opp og kva som ventar framover:


Me håpar at det blir ei verdig og flott avslutning på karriera mot Ranheim, og håpar å sjå dykk på tribuna! Tusen takk for fantastisk innsats gjennom mange år, Per-Egil!

STAO NO PAO!

Hugsar du denne? Høyr Sofapraten med Per-Egil frå før årets sesong:


Annonse fra Obos-ligaen: