Permitteringar i Sogndal Fotball

Permitteringar av administrasjon, spelerar og støtteapparat

På grunn av koronavirus-krisa er no totalt 42 tilsette permittert i Sogndal Fotball etter at det vart einigheit mellom NISO, trenarforeningen og NTF om grunnlag for permitering.

Les meir: INFORMASJON FRÅ NFF

Vedtaket er gjort med grunngjeving at Folkehelseinstituttet har stengt ned all organisert trening.

Dermed er det klart at permitteringen førebels gjeld til 26.mars, men vert forlenga om det er naudsynt.

- Det er fyrste gong i Sogndal Fotball sin historie at nesten alle vert permittert. Verda er i ein spesiell situasjon og me er ein del av den, seier dagleg leiar Rasmus Mo.

- Me har god dialog med dei karanteneplasserte spelarane, trenarane og dei tilsette elles. Me må gjera det beste ut av situasjonen til liks med alle andre i dagens situasjon.

- Me håpar sjølvsagt at dette snart går over og at me kjem i normal drift att. Men, mykje er usikkert og uforutsigbart so me må sitja i ro i båten enn so lenge, avsluttar Mo.

Ta vare på kvarandre no i denne vanskelege tida.

Annonse fra Obos-ligaen: